Hopp til innhold
Jenny Marie Rørvik.
Foto: Javad Parsa / NTB

Jenny Rørvik

  • Truleg avklaring for roarane i dag

    Truleg blir det i løpet av dagen bestemt kven som skal site i kvinnenes dobbeltsculler under OL i Paris.

    Tre utøvarar kjempar om to plassar.

    Thea Helseth og Jenny Marie Rørvik, begge frå Ålesund, kom på andreplass i verdscupen i Italia tidleg i april, medan Helseth og Inger Kavlie vann i Ungarn seint i månaden.

    Båten har uansett framstått som medaljekandidat i OL i sommar. (Bilete: Rørvik, Helseth og Kavlie).

    ROING: Jenny Rørvik, Thea Helseth og Inger Kavlie
    Foto: NRK
  • Sikra OL-plass

    Dobbeltsculleren med Thea Helseth og Jenny Marie Rørvik frå Ålesund kom på ein tredjeplass i B-finalen i ro-VM i Serbia i dag.

    Dermed har dei klart å sikre seg ein OL-plass til neste års OL i Paris.

    Det var små marginar som skilde dei tre første laga som kom i mål. Duoen frå Ålesund rodde i mål like bak Italia som vann med tida 06.53.71. Australia kom på ein andre plass med tida 06.53.76, medan dei to Ålesundarane rodde inn på tida 06.53.78.

    Dei to roarane klarte ikkje å ta seg til A-finalen tidlegare denne veka, og rodde difor B-finale i dag. Men dei kunne framleis kvalifisere seg til OL, så lenge dei ikkje kom sist, noko dei lett klarte. I dobbeltsculler er det dei elleve beste båtane i VM som kvalifiserer seg til OL. Helseth og Rørvik blei nummer ni i VM.

    Thea Helseth og Jenny Rørvik
    Foto: Ksenia Novikova / NRK
  • VM i roing: Helseth/Rørvik til semifinale i dobbeltsculler

    Thea Helseth og Jenny Marie Rørvik er klare til å kjempe om en plass i A- eller B-finale i ro-VM i Beograd.

    Den norske dobbeltsculleren rodde inn til 2.-plass i tirsdagens oppsamlingsheat, og det gir rett til en semifinaleplass fredag. Der kan de kjempe om en plass i A- og B-finale.

    Dersom de hadde blitt nummer tre eller svakere ville de ha måttet kjempe om en plass i C- eller D-finale.

    Helseth og Rørvik kom 1,47 sekunder bak Australia i oppsamlingsheatet. (NTB)

    Pressetreff med roerne foran VM i Tsjekkia
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Tatt ut, men må bli skadefri

    Martin Helseth frå Ålesund roklubb er med i den norske dobbeltfiraren i VM-uttaket til roforbundet. 29-åringen kjempar for å bli klar etter å ha fått kneskåla ut av ledd då han spelte sandvolleyball for halvanna veke sidan.

    I dobbeltsculler er Thea Helseth og Jenny Rørvik, begge frå Aalesunds Roklubb, tatt ut.

    VM er i Beograd i Serbia 3. til 10. september.

    Pressetreff med roerne foran VM i Tsjekkia
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB