Hopp til innhold

Sikra OL-plass

Dobbeltsculleren med Thea Helseth og Jenny Marie Rørvik frå Ålesund kom på ein tredjeplass i B-finalen i ro-VM i Serbia i dag.

Dermed har dei klart å sikre seg ein OL-plass til neste års OL i Paris.

Det var små marginar som skilde dei tre første laga som kom i mål. Duoen frå Ålesund rodde i mål like bak Italia som vann med tida 06.53.71. Australia kom på ein andre plass med tida 06.53.76, medan dei to Ålesundarane rodde inn på tida 06.53.78.

Dei to roarane klarte ikkje å ta seg til A-finalen tidlegare denne veka, og rodde difor B-finale i dag. Men dei kunne framleis kvalifisere seg til OL, så lenge dei ikkje kom sist, noko dei lett klarte. I dobbeltsculler er det dei elleve beste båtane i VM som kvalifiserer seg til OL. Helseth og Rørvik blei nummer ni i VM.

Thea Helseth og Jenny Rørvik
Foto: Ksenia Novikova / NRK