Kraftforsyningen
Hvordan mener du vi bør sikre kraftforsyningen i Møre og Romsdal?
Eit godt straumnett er av avgjerande betydning. Derfor vil eg arbeide for at sikre tilstrekkeleg kraftoverføring som gjer det mogleg å tilføre både landsdelen og det enkelte distrikt i fylket vårt nok straum.
Det er mogleg å ta i bruk naturressursane i Møre og Romsdal mykje meir for å auke produksjonen av fornybar kraft. NVE har gjeve konsesjon til ein god del småkraftverk i denne perioden, og Midt-Norge er eit prioritert område for å få på plass fleire konsesjonar.
Eg vil vidare jobbe for større løyvingar til ny fornybar energi som vindkraft og småkraft og til energiomlegging med pelletsproduksjon og fjernvarme. Men dersom vi skal gjera oss nytte av ny fornybar kraftproduksjon, føreset dette sjølvsagt også eit velfungerande linjenett.
Samferdsel
Hvilke områder innen samferdsel bør prioriteres her i fylket?
Trygge, framkommelege vegar i heile fylket er viktigaste satsingsområdet. Alle riksvegar må få gul midtstripe og få ein god standard!
For å få tryggare vegar må vi også satse stort på rassikring og gang- og sykkelvegar. Ungar skal ha ein trygg skuleveg og folk i alle aldrar bør ha høve til å vera fysisk aktive i nærmiljøet.
Fylka må få nok pengar til å utvikle det nye fylkesvegnettet. Og både Nordøyvegen og Trollheimstunnelen bør kunne realiserast i tiårsperioden.
Å byggje Stad skipstunnel er også ei særs viktig sak.
Kultur
Hva er viktigste satsingsområdet innen kultur i vårt fylke?
Kulturskulane betyr utruleg mykje for at ungar og ungdom skal kunne utfalde seg. Eg ønskjer ei storsatsing på kulturskulane slik at endå fleire får høve til å utvikle dei kreative evnene sine.
Vidare må vi sørgje for at lag og organisasjonar skal få att krone for krone det dei betaler av moms på varer og tenester. Regjeringa har varsla at dette kjem på plass frå januar 2010. Ei ny raud-grøn regjering er såleis garantisten for at dette faktisk blir innført.
Partivalg
Hva har vært avgjørende for DITT partivalg?
Eg likar heilheitssynet til partiet. Vi kjempar både for å styrke det offentlege velferdstilbodet, vilkåra for næringslivet og frivilligheita – i heile landet.
Satsingsområde
Hvilken sak er den viktigste for DEG å kjempe for de neste fire årene?
At den varsla samferdselssatsinga blir oppfulgt. Verdiskaping og velferd heng saman, og ein god samferdselspolitikk legg grunnlaget for ei framtidsretta utvikling av samfunnet vårt .
Samarbeid
Hva er viktigst for deg i valget av politiske samarbeidspartnere?
Dei må dele visjonen vår om eit varmt, rettferdig og grønt samfunn med godt rom for enkeltmennesket og skapande aktivitet.
Hvilket parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?
Dersom eg må svara berre eitt, blir det Ap. Etter fire års erfaring med regjeringssamarbeid med både Ap og SV, håpar eg imidlertid at vi tre raud-grøne kan halde fram i fire nye år.
Hvilket parti vil du samarbeide minst med?
Frp