NRK Meny
Normal

Januar viste heile vêr-spekteret

Naturens teaterscene gav ei merkverdig framføring i januar. Vêret stod spent i spagat over ytterpunkta, frå 20 kuldegrader, til teskjorte-vêr og orkankast.

Sjøholt og Storfjorden

Januar månad inneheldt eit gløtt av 'alle' årstider; snø, sol, regn, kulde storm og nesten varmerekord. 18. januar veksla det mellom snøbyer og blå himmel over Sjøholt og Storfjorden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Slutten på 2015 gav eit skikkeleg oppspark til det nye året på vêrfronten. Etter ei romjul og nyttårshelg med snøfokk og sterk vind som kom oppi 30 meter i sekund, overraska det knapt nokon at det nye året også starta nokså rufsete.

ved

Det blei mykje fyring med ved i januar. Så mykje fyrte vi at lufta i Ålesund nokre dagar var den dårlegaste i landet.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Men vêret roa seg dei første dagane av januar, med temperaturar godt under 0. Dei som driv med vedsal, merka brå og stor etterspørsel, stadfesta Endre Kvalvik hos bedrifta Varde i Kristiansund til NRK.

Luftforureininga

Temperaturane blei etter kvart svært låge og kraup ned til både 15 og 16 kuldegrader fleire stadar. Så tørt blei det at luftforureininga i Ålesund blei verst i landet. Vedfyring og bilkøyring fekk skulda.

Med kulden fekk også at røyrleggarane nok å gjere. Kjell Vanberg Larsen i Ålesund oppmoda folk om å sjekke vassrøyra slik at dei ikkje sprakk i kulden. Han hadde då blitt nedringt av folk som hadde vore for seint ute.

Skoleungdom på skøyteisen

Mange nytta høve til turar på isen i midten av januar. Gnistrande forhold gav mykje moro for både små, store og dei som er midt i mellom. Her frå Molde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Snøvinnar med rasfare

Den flotte starten på året med påfyll av snø og kulde, gjorde at varsom.no 12. januar kunne melde om ei snøgrense her i fylket på rundt 150 moh., og eit snitt på 66 centimeter snø i 1000 meters høgd.

Tredje helga av januar gjekk fleire ras over skiløypene ved Standalseidet i Ørsta. Heldigvis blei ingen tekne.

Snøplog i kveldsmørkret

Snøplogane gjekk jamt store delar av januar månad. Tørr snø, våt snø, sørpe og is- dei fekk heile spekteret å bryne seg på.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kort tid etter blei Møre og Romsdal og Trøndelag kåra til vekas "snøvinnar". Brøytebilane gjekk døgnet rundt, det same gjorde bilbergingsbilane.

Frosen, snødekt elv

Snøfall og kulde gjorde at elevane fekk lita vassføring, blei tilfrosne og snødekte mange plassar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det blei meldt om ei rekkje utforkøyringar. I bygatene klaga folk over fortau fulle av snø, og politiet åtvara mot både takrasfare og faren for å bli påkøyrd.

Fønvind og varme

25. januar blei ein spesiell januarmåndag. Alt søndagen kunne folk merke eit uvanleg mildt drag i lufta. Den blå streken på gradsstokken steig i takt med forventingane om at det kunne bli ny, norsk varmerekord for januar – og den kunne kome på Indre Sunnmøre.

Oddfrid Tafjord

Oddfrid Tafjord fortalde begeistra til ulike media om korleis ho og resten av Tafjord-bygda venta på ny noregsrekord på gradestokken for januar månad. Den kom ikkje, men dama og bygdefolket er like blide.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tafjord hadde størst forventingar om å slette sin eigen varmerekord frå 1989 som var på 17,9 grader.

Campingplasseigar Oddfrid Tafjord stilte i t-skjorte og sommarjakke då ho blei intervjua om fenomenet. Men temperaturen stansa på 17,1 – fattige 0,8 grader bak rekorden frå – 88. Tafjord måtte sjå seg slått av Sunndalsøra, der temperaturen stansa på 17,2 grader.

Sunndalsøra 17,2 grader i januar

Sunndaløra hadde høgste temperatur i landet om kvelden 25. januar.

Foto: John Smits (MET)

Tor på ferde i himmelrommet

Berre fire dagar seinare var det heilt andre taktar som gjaldt. Ekstremvêret Tor kom med bulder og brak. Fredag ettermiddag og kveld velta han seg innover fylkesgrensa frå sør, og sørga for innstilte ferjer, stengde bruer, straumlause bygder og knuste hustak.

Verst rasa Tor ute ved kysten. Der både løer, tre og garasjar fekk unngjelde, før stilla og snøen igjen la seg over fylket – i det vi kunne skrive februar.

Gjerdsvika på Sunnmøre etter Tor

'Tor' var nådelaus med denne campingvogna i Gjerdsvika i Sande kommune.

Foto: Skarboe