NRK Meny
Normal

Astmatikar? Hald deg unna desse gatene no!

Astmatikarar og andre med luftvegsproblem bør ikkje opphalde seg i dei mest trafikkerte gatene i Ålesund. Målingar viser høg luftforureining, og alt tyder på at det kjem til å vare i dagevis.

Forureining i Ålesund

Det er målt så dårleg luft i Ålesund at ekspertane meiner det er ein betydeleg helserisiko for mellom andre astmatikarar å vere her.

Foto: Synnøve Hole

Ålesund sentrum ser mest ut som eit postkort ein iskald januardag, med snøkledde fjell, blå, glitrande fjord like ved og sola på veg opp på toppane.

Men det er langt frå så reint og friskt som det ser ut. Målingar gjort av Norsk Insitutt for Luftforsking viser høg luftforureining.

Stein Hans Nesbakk (19) (t.v), Malene Slinning (19) og Christine Slinning (19).

Stein Hans Nesbakk (19) (t.v.), Malene Slinning (19) og Christine Slinning (19) var måndag ute og gjekk i ålesundsgatene. Nesbakk syns han kunne merke forureininga.

Foto: Synnøve Hole

Nei, det visste ikkje eg, eg syns det var frisk luft her, eg seier Malene Slinning (19).

Jau, eg kjenner det litt på pusten, men eg kjem frå fjella langt vekk, supplerer Stein Hans Nesbakk (19) frå Nordfjordeid.

– Ikkje bra for folk

Høg luftforureining i Ålesund

Målingar offentleggjort på nettsida Luftkvalitet.info viser at berre Tromsø og Trondheim har like høg luftforureining som Ålesund tysdag.

Foto: Skjermdump

Målingane av den dårlege lufta er gjort på ved Posthuskrysset i Ålesund, fylkets mest trafikkerte lyskryss. Dei siste tre dagane har resultata vist så høg forureining at ekspertane reknar det for å innebere ein betydeleg helserisiko for astmatikarar og andre med luftvegssjukdommar eller alvorlege hjartekarsjukdommar.

Tysdag er det berre Tromsø og Trondheim som har like mykje forureining som Ålesund.

Monica Dalseth

Monica Dalseth åtvarar folk mot den dårlege lufta i Ålesund no.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dette er ikkje heldig for folk som er plaga av astma og kols, men det er ikkje heldig for folk generelt heller, det er plagsamt for alle, seier fylkesleiar Monica Dalseth i Astma- og allergiforbundet i Møre og Romsdal.

Les også:

Kan vare i dagevis

Kjersti K. Tørnkvist

Avdelingsdirektør Kjersti K. Tørnkvist seier det kan bli dårleg luft i Ålesund i dagevis.

Foto: Ingar Næss

Dårleg luftkvalitet i Ålesund er ikkje unikt. Avdelingsdirektør Kjersti Tørnkvist i Norsk institutt for luftforsking seier at kaldt, klart ver kvar vinter gjer at det blir høg forureining i bysentrum. Lite vind gjer at forureining frå bilkøyring og vedfyring ikkje blir spreidd.

Vêrvarselet dei neste dagane gjer at Tørnkvist trur det blir dårleg uteluft i deler av sentrum i dagevis.

– Eg ser på Yr at det er meldt stabilt og kaldt framover, og då er det å forvente at ein får tilsvarande høge konsentrasjonar som ein har no, seier ho.

– Bør folk som er spesielt utsette halde seg heilt unna Ålesund sentrum?

– Det er jo ved dei mest trafikkerte vegane ein vil ha mest forureining, så å gå litt i sidegatene går veldig fint, men ein kan kanskje halde seg litt unna dei mest trafikkerte gatene, seier ho.

Har ikkje tru på køyreforbod

Ola Midtlid

Ola Midtlid seier han ikkje hadde trudd det var dårleg luft i Ålesund tysdag. – Det kjennest ikkje slik ut, seier han.

Foto: Synnøve Hole

Det er altså partiklar frå bilkøyring og vedfyring som får hovudskulda for forureininga, som normalt blir blåst utover eit større område. Ute på gata i Ålesund er ikkje Ola Midtlid sikker på om eit køyreforbod er løysinga.

Som far og bestefar kjenner han kvardagen til ein småbarnsfamilie godt, og trur mange opplever at dei ikkje har noko val enn å køyre bil.

Ho jobbar på ein kant av kommunen, han på ein annan. Ei skal i barnehagen og ein på skulen, korleis skal du klare deg utan bilar i den situasjonen, spør han.

Les også:

Foreslår å skifte dekk

Malene Slinning foreslår eit mindre radikalt grep for å redusere svevestøvet – å skifte frå piggdekk til piggfrie.

Det er jo ikkje noko hyggeleg med forureining, og det blir jo sikkert berre verre om ein held fram, seier ho.