Hopp til innhold

Vedtok å kutte nynorsk: – Saka er ikkje avgjord

Nynorskforkjemparar meiner vedtak om å endre målform i skulen kan ha vore ulovleg.

Tavle nynorsk bokmål.

KLAGER: Innbyggjarar i Hjartdal har gått saman om å klage på kommunestyrevedtaket om å gå bort frå nynorsk som målform i barneskulen.

Foto: NRK

Kommunestyret i Hjartdal vedtok i april å gå bort frå nynorsk i skulen. Barneskulen har til no hatt nynorsk som hovudmål.

No krev ei gruppe innbyggjarar kontroll av lovlegheita til vedtaket.

Les også Nynorsk i skulen splittar bygda: – Må tenkje på elevane

Fv: Enock Mizerero, Ingar Sletta Tråer (bokmål) og Herman Wåle og Kari Bøe ( begge nynorsk).

Klager på vedtaket

Nynorskforkjemparane i kommunen meiner heile prosessen har vore dårleg og at avgjerda er teken på mangelfullt grunnlag.

Dei har sendt eit klagebrev til kommunen der dei ber om at saka blir behandla på nytt. Dersom det ikkje skjer, krev dei ein lovlegkontroll av vedtaket.

– Saka er ikkje avgjord enno. Det er det ikkje opplyst om frå kommunens side, seier Ingvill Garnås.

Ingvill Marit Buen Garnås

Ingvill Garnås representerer nynorskforkjemparane som har klaga på vedtaket frå kommunestyret om å endre målform.

Foto: Kari Løvaas

Ho er ein av foreldra ved Sauland skule som representerer nynorskforkjemparar i Hjartdal.

Fem kommunestyrerepresentantar stiller seg bak kravet, som vart underskrive av 18 innbyggjarar.

Det omstridde vedtaket vart gjort mot viljen til innbyggjarane. Ei rådgivande folkeavstemming viste nemleg at eit knapt fleirtal ønskte å behalde nynorsk.

Politikarane valde heller å lene seg på ei undersøking i regi av FAU på skulen. Den viste at 85 prosent av foreldra og 77 prosent av elevane ønskte å byte ut nynorsken.

Protestgruppa er kritiske til det dei meiner er eit for dårleg grunnlag for saksbehandling.

– Dei følgde ikkje folkeavstemminga, som vi meiner er det einaste reelle uttrykt for kva folk i kommunen meiner, seier Garnås.

Gruppa meiner også det har vore lite informasjon ut til befolkninga.

Les også Barneskule byter frå nynorsk til bokmål: – For ungdommanes beste

Tavle nynorsk bokmål.

– Faktafeil

Dei meiner i tillegg vedtaket er basert på feil informasjon om at det er ei overvekt av bokmålselevar på Sauland skule.

– Alle elevane på barneskulen har jo nynorsk som hovudmål, seier Garnås.

– Meiner de vedtaket kommunestyret har gjort er ulovleg?

– Ja, vi meiner i alle fall at det er ein del faktafeil i saksutgreiinga.

Debatten om målform har skapt høg temperatur og steile frontar i den vesle kommunen, beskriv Garnås. Derfor er det ikkje utan personleg kostnad at ho uttaler seg, meiner ho.

– Det går på identitet. Folk kjenner seg trakka på, både den eine og andre vegen. Det er mykje usakleg og dritslenging om nynorsk som målform. Det synest eg vaksne folk bør halde seg for gode for.

Les også Lars (16) får ikke pensum på nynorsk: – Hadde vært enklere å bare glemme nynorsken

Lars Rydland Sæbø

Meiner vedtaket er lovleg

Ordførar i Hjartdal. Bengt Halvard Odden har respekt for at nokre innbyggjarar ønskjer å sjå på alle moglegheiter for å få gjennomslag for ståstaden sin.

– Kommunestyret har fatta, slik vi ser det, eit lovleg vedtak. Då er det naturleg at Statsforvaltaren vurderer lovlegheita ved vedtaket, seier han.

Bengt Halvard Odden, AP-ordfører i Hjartdal

Bengt Halvard Odden, ordførar i Hjartdal

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Ordføraren opplever at saksframlegg og utgreiinga på førehand var ryddig og god.

– Det har vore ein brei prosess både med foreldre og elevar på skulen. Det har vore ei folkeavstemming.

Odden seier at dette, saman med fleire andre element ligg til grunn for ei heilskapleg avgjerd.

– Eg har ikkje sett at det er nokon sider ved saka som har lovbrot ved seg.

– Er det uaktuelt å ta ein ny runde med denne saka?

– Ja, lovgivinga hindrar oss faktisk i det. Etter eit lovleg vedtak om skifte av målform skal det gå fem år før ein kan ta ei ny sak opp til vurdering.

Saka er derfor send rett til Statsforvaltaren for ein lovlegkontroll. Dersom dei finn feil må Hjartdal kommune rette seg etter dette, understrekar Odden.