Hopp til innhold

Synest det er frekt at Havila Hotell Ivar Aasen bruker bokmål

Runar Gudnason meiner Havila Hotell Ivar Aasen anten må bruke nynorsk, eller så må dei skifte namn.

Statua av Ivar Aasen foran Havila Hotel Ivar Aasen

Havila Hotell Ivar Aasen ligg eit steinkast unna Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein kan byrje å lure på om dei veit kven Ivar Aasen var i det heile teke. Eg forstår ikkje at dette går an, seier Runar Gudnason.

Mannen, som er kjend frå rapgruppa Side Brok, sit for tida og gjendiktar ein musikal for Det Norske Teatret til nynorsk. Han tek gjerne pause frå arbeidet for å utdjupe kritikken han har lufta i lokalavisa Møre-Nytt over manglande nynorskbruk frå hotellet i Ivar Aasen si heimbygd.

Runar Gudnason i Side Brok

Runar Gudnason er kjend frå rapgruppa Side Brok. I tillegg til musikar er han også filmskapar og gjendiktar. Han sa til lokalavisa Møre-nytt at han har ein draum om at det lokale hotellet, som er oppkalla etter nynorsken sin far, skal bruke meir nynorsk.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

For hotellet i Ørsta sentrum, som er oppkalla etter nynorsken sin far, brukar ikkje nynorsk gjennomgåande på nettsidene sine.

Og viss ein går inn på hotellet for å få seg mat så står heile menyen på bokmål, seier Gudnason.

Menyen til Havila Hotel Ivar Aasen som ligg på nettsidene er på bokmål.

Runar Gudnason meiner det er pinleg at hotellet som er oppkalla etter Ivar Aasen har ein meny på bokmål.

Foto: Skjermdump

Men dei bruker jo litt nynorsk. Er ikkje det godt nok?

Nei. Ikkje når du heiter Ivar Aasen, seier han.

– Kan ikkje utnytte merkevara og ikkje bruke nynorsk

Runar Gudnason har alltid vore oppteken av språk. Han brenn for nynorsken og seier sjølv at det er av den enkle grunn at det er det han har lært og er oppvaksen med.

I tillegg har det nok påverka Gudnason at han er fjern slektning av Ivar Aasen.

Eg har vakse opp i ein heim der den nynorske arven har vore viktig.

Etter at han uttrykte frustrasjon over at hotellet ikkje brukar nynorsk i lokalavisa har han fått fleire tilbakemeldingar.

På heimesidene til Havila Hotel Ivar Aasen står mykje av informasjonen på bokmål.

På heimesidene til Havila Hotel Ivar Aasen står mykje av informasjonen på bokmål.

Foto: Skjermdump

Det er mange som har sagt at dei har tenkt på det same.

Han meiner det er opplagt at ein ikkje kan utnytte Ivar Aasen som ei merkevare og ikkje bruke nynorsk.

– Eg synest det er frekt og pinleg.

Gudnason meiner også at fleire aktørar i reiselivet på Sunnmøre kunne ha tent på å bruke meir nynorsk.

Men ok, viss dei vil bruke bokmål så er det greitt. Men då kallar du ikkje hotellet ditt Ivar Aasen.

Vil at alle skal møte meir nynorsk

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, stussar også på at eit hotell i Ørsta med eit slikt namn ikkje bruker nynorsk.

– Eg skulle heilt opplagt ønskt at hotellet brukte nynorsk, slik eg ønskjer at alle som driv næringsverksemd og særleg i nynorskområdet, tek i bruk nynorsk. Det er eit minst like godt språk å drive hotell og næring på, seier Hauge.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner dei som produserer læremidla i dag utnyttar regelverket og at skiljet mellom læremiddel og læringsressurs er konstruert og kunstig.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag, meiner det har positive konsekvensar at folk får sjå meir nynorsk i kvardagen.

Foto: Tuva Åserud / Fotograf Tuva Åserud

Han trur at turistar og andre som kjem set pris på at lokale aktørar har nok språkleg sjølvtillit til å bruke nynorsk.

Deler draumen om meir nynorsk

Berre ein halv kilometer unna Havila Hotell Ivar Aasen ligg Aasentunet. Dei har tilbydd seg å hjelpe til med nynorsken.

Tone Slenes

Tone Slenes, formidlingsleiar ved Nynorsk Kultursentrum med ansvar for Aasentunet, meiner det er ein naturleg del av marknadsføringa at språket hotellet brukar er i tråd med namnet.

Foto: Nynorsk Kultursentrum

– Det er klart. Det er heilt naturleg at når ein heiter noko med «Ivar Aasen» at ein brukar det nynorske språket. Vi har også vore i kontakt med hotellet og vi er veldig gjerne tilgjengeleg om dei treng meir støtte til å kome seg over til nynorsk, seier formidlingsleiar Tone Slenes.

Havila Hotell Ivar Aasen

Havila Hotell Ivar Aasen i Ørsta sentrum.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vil ikkje meine noko om språkkritikken

Reiselivsdirektør i Havila, Gunther Dahler, har fått vidareformidla tilbodet frå Nynorsk Kultursentrum om nynorsk-hjelp. Det har han ikkje kommentert. Til språkkritikken frå Runar Gudnason seier han at det er ein glipp i rutinane deira om dette gjeld tekst som ligg på deira heimeside.

– Det må eg berre beklage, og det er noko vi sjølvsagt skal sjå på og få endra ilag med dei vi samarbeider med.

Han seier at Havila Hotels bruker nynorsk på heimesider, trykksaker og profilering.

Når det gjeld for eksempel sosiale medium, så har våre tilsette moglegheit til å bruke bokmål, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL