Hopp til innhold

Dei jaktar ulovleg bokmåls­bruk på fri­tida – tok 32 offentlege etatar i lovbrot i fjor

Hordaland Mållag sende inn heile 104 klager for brot på språklova i 2023. Innsatsen vekker oppsikt. – Dei gjer ein viktig jobb, meiner Språkrådet.

Sahra Torsvik og Ane Landøy står bøygd over ein berbar datamaskin som har klistremerker som til dømes "Eg hjartar nynorsk".

LOVBRYTARJAKT: Sahra Torsvik og Ane Landøy i Hordaland Mållag tel over 32 offentlege organ i oversikta over kven dei tok i ulovleg bokmålsbruk i fjor.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Om lag ein fem minutt å gå frå der Gunnar Staalesen sin privatdetektiv Varg Veum hadde kontor, ligg kontoret til Hordaland Mållag.

Som den bergenske krim-helten jaktar òg dei lovbrytarar.

Meir spesifikt dei som bryt språklova.

Eller, som styreleiar Ane Landøy seier:

– Dei har skrive noko på bokmål som skulle vore nynorsk.

Dei må berre stå på, dei gjer ein viktig jobb.

Margrethe Kvarenes Språkrådet Seksjonsleiar, Språkrådet

Bokmål i nynorskland

Kvar og når det offentlege skal bruke nynorsk eller bokmål, er bestemt i språklova.

I Vestland skal det meste stå på nynorsk.

Av storfylket sine 43 kommunar, nyttar heile 41 nynorsk. Berre Bergen og nabokommunen Askøy er såkalla språknøytrale kommunar, kor bokmål står sterkt.

Bergen og Askøy i blått er såkalla språknøytrale kommunar. Dei 41 raude kommunane er nynorskkommunar.

Likevel snik bokmålet seg inn i stillingsutlysingar og skilt frå offentlege organ.

Men ikkje forbi Hordaland Mållag.

På fritida leiter nemleg ein dedikert gjeng i mållaget etter språklege lovbrot i aviser, på nettet og på skilt.

Og finn dei.

– I fjor sende vi klagesaker til over 32 ulike organisasjonar som pliktar å følgje språklova, seier Landøy.

Totalt er det snakk om 104 klagar, inkludert purringar.

Ser resultat

Landøy seier mållaget som regel får positive responsar på lovbrotsskuldingane dei sender ut.

– Viss me får svar i det heile, er det svaret av typen «Oi, beklagar. Dette var teit. Me skal ordne opp i det med ein gong».

Og nokon gjer ord om til handling.

Nye skilt som viser vegen til Arna kyrkje. Oppmed veggen står dei gamle skilta, som viste vegen til Arna kirke, på bokmål.

På Arna stasjon måtte bokmålsskilta vike for nye, nynorske skilt etter at Hordaland Mållag påpeikte feilen.

Foto: Brit Fosse Reigstad

Blant dei er Øygarden Politistasjon, som no skiltar om «opningstider» i staden for «åpningstider».

Eller BaneNor, som hang opp nye skilt som viste vegen til Arna kyrkje.

Sjølv har Landøy eit gjennomslag ho liker ekstra godt.

– På bussane til Skyss så var det skilt som sa: «Stopper». No seier det «stoppar». Så det kunne me sjå med ein gong.

Til NRK seier Skyss at dei brukar nynorsk i sin kommunikasjon med publikum, og er glade for påminningar når det glepp.

Skilt på bussane til Skyss som seier STOPPAR i store, svarte bokstavar på oransje bakgrunn.

Hordaland Mållag fekk sett ein stoppar for bokmål på bussane i Vestland.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Då dei klaga på bokmålsskiltet hjå Øygarden Politistasjon til Vest Politidistrikt, fekk dei jamvel takk for at dei påpeikte feilen.

– Det er medvindsarbeid, sjølv om det kan verka litt traust, seier organisasjonskonsulent Sahra Torsvik.

Nynorsken i medvind

Det er gode tider for nynorske òg utanfor nynorskfylket Vestland, ifølgje Margrethe Kvarenes i Språkrådet.

Som seksjonsleiar for språk i skule og offentleg forvaltning jobbar ho mellom anna med å ettersjå at statsorgana følgjer språklova.

Fjorårets rapport var ikkje lovande for nynorsken. Men no skjer det noko.

– Nynorsktala er på veg opp i staten, og det er meir nynorsk synleg i offentlegheita.

Margrethe Kvarenes

Margrethe Kvarenes har språklova som arbeidsfelt, og meiner fleire er opptatt av å oppfylle lova sine krav no.

Foto: Moment Studio

Kvarenes ser ei auka interesse i staten for å halde seg på rett side av språklova, og at fleire språkorganisasjonar og enkeltpersonar klagar om dei opplever feil.

Hjelper det, trur du?

– Det hjelper. Det veit me.

Mange sender kopi av klagen sin til oss. Om me ser at det er ein feil som gjeld mange og at dei ikkje får svar, tek me kontakt med dei som er klaga på og ber dei reagere. Mange rettar då opp den feilen dei har gjort.

Blant gjengangarane i innboksen deira er Hordaland Mållag.

– Me har ofte kontakt med dei. Dei må berre stå på, dei gjer ein viktig jobb.

Det er språklovas lange arm i Vestland einig i.

– Dess fleire gode døme det er der ute, dess meir normalisering. Ein del gonger trur eg ikkje folk legg merke til om det er på nynorsk eller bokmål. Og det er fint, seier styreleiar Ane Landøy.

Men det gjer de?

– Ja, me gjer det.