Hopp til innhold

Innbyggarane i Tingvoll er sjokkert etter overfall

Folket i Tingvoll er overraska og skremt over det brutale overfallet som skjedde i den vesle kommunen seint søndag kveld.

Sjå tv-saka: Politiet står framleis utan nokon mistenkte etter det brutale overfallet på Tingvoll søndag kveld.

Tysdag ettermiddag er ting som normalt i Tingvoll sentrum, stille og roleg, slik som det brukar å vere i den vesle kommunen.

Ann Helen Støwer

Ann Helen Støwer er sjokkert etter overfallet i Tingvoll.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Seint søndag kveld vart denne idyllen broten då politiet i Nordmøre og Romsdal fekk melding om ei valdsepisode ved Tingvoll Fjordhotell.

Der skal dei to hotelleigarane ha blitt knebla, trua og slått av to ukjende gjerningsmenn.

No står bygdefolket igjen og lurer på korleis dette kunne skje i ei lita kommune med drygt 3.000 innbyggarar.

– Det er ikkje noko morosamt. Det er ikkje slike ting ein trur skal skje i vesle Tingvoll, seier Ann Helen Støwer.

– Tingvoll er vanlegvis ein stille og roleg plass. Det er ikkje vanleg at slike ting skjer her, seier Kjetil Sæternes Smørholm.

Høyrde angrepet

Like ved fjordhotellet held Bjarne Vangen på med kvardagsaktivitetar ved sommarhuset sitt. Som næraste nabo til åstaden høyrde han delar av dramatikken som gjekk føre seg ved hotellet seint søndag kveld.

Ble overfalt av maskerte menn

KNEBLA: Hotelldrivaren i Tingvoll skal ha blitt knebla og bundne av to maskerte menn. Måndag ettermiddag hadde han framleis merker.

Foto: Synnøve Nes

– Det høyrdest ut som om nokon ropte om hjelp, men det var vanskeleg å høyre kvar det kom ifrå, seier han.

Det han truleg høyrde var den kvinnelege hotelldrivaren som hadde rømte ut på plassen framfor hotellet der ho skal ha ropt om hjelp. Der skal ein av dei maskerte overfallsmennene ha slått kvinna over hovudet før han vart skremt vekk av vitne i nærleiken.

Har få spor i saka

Politiet står framleis utan mistenkte i saka, og gjekk måndag ut og bad om tips frå publikum.

Merethe Falkevik, politiadvokat Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Merethe Falkevik, politiadvokat i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, fortel at dei framleis ønsker tips.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi har så langt ingen beskriving av gjerningsmennene anna enn at dei skal ha vore utanlandsk opphav, seier Merethe Falkevik, politiadvokat i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Motivet for valdsepisoden er foreløpig ikkje kjent, og politiet har ikkje fått opplysningar om at noko er blitt tatt frå staden.

– Jobbar de inn mot eit spesielt miljø?

– Nei, det har vi for lite informasjon til å kunne gjere, seier Falkevik.