Hopp til innhold

– Det var eit mareritt

Dei to hotelleigarane i Tingvoll frykta for livet då dei seint søndag kveld vart angripen av to maskerte menn.

Angrep hotelleigarar i tingvoll

Politiet avslutta sine undersøkingar på staden måndag ettermiddag, men har lite å gå på etter det brutale overfallet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var klokka 23.31 søndag kveld at politiet i Nordmøre og Romsdal fekk melding om ei valdsepisode ved Tingvoll Fjordhotell på Nordmøre.

Dei to hotelleigarane skal ha blitt knebla, trua og slått på hotellet.

Hotelldrivaren Kemal Kaplan seier det var eit mareritt.

– Eg hadde aldri trudd noko slikt som dette ville skje på ein liten plass som Tingvoll, seier han.

Ei skummel oppleving

Ifølgje hotelldrivaren var det i dei seine kveldstimar søndag at straumen plutseleg forsvann frå leilegheita ekteparet bur i. Leilegheita ligg i etasjen over hotellet i Tingvoll.

Ble overfalt av maskerte menn

KNEBLA: Hotelldrivaren i Tingvoll skal ha blitt knebla og bundne av to maskerte menn. Måndag ettermiddag hadde han framleis merker.

Foto: Synnøve Nes

– Eg tok med meg nøklane og sa til kona mi at eg skulle gå ned for å kontrollere sikringsskapet. På veg ned vart eg overfallen av to menn. Dei bad meg om å vere stille og truga meg med kniv, fortel Kaplan.

Han skal så ha blitt bunden fast og fekk ein teip over munnen. I mellomtida hadde kona til Kaplan byrja å lure på kvar han vart av.

Då ho gjekk ned for å undersøke fekk ho ifølgje Kaplan auge på ein av gjerningsmennene og la på sprang ut av hotellet. Gjerningsmennene skal så ha tatt att kona, og gitt henne eit slag over hovudet.

– Det var heldigvis nokre vitne i nærleiken som såg kva som skjedde og ropte om hjelp, då stakk gjerningsmennene av. Eg er veldig glad for at ho sprang ut av hotellet og ikkje inn, seier Kaplan.

– Eg tørr ikkje å tenke på kva som kunne skjedd om ho ikkje gjorde det, held han fram.

Politiet etterlyser tips

Politiet avhøyrde fornærma og vitne gjennom natta, og etterforskar saka vidare. Motivet for valdsepisoden er foreløpig ikkje kjent, og politiet har ikkje fått opplysningar om at noko er blitt tatt frå staden.

Merethe Falkevik, politiadvokat Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Merethe Falkevik, politiadvokat i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, fortel at dei framleis ønsker tips.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei har no sett inn eit team på saka og vil gjennomgå telefonar, andre tekniske beslag og eventuell overvaking som har vore på staden.

Politiet avslutta sine undersøkingar på staden måndag ettermiddag, men har lite å gå på etter det brutale overfallet.

– Vi får stadig inn tips, men ingen av dei har så langt vore så konkrete at dei har ført til noko, seier Merethe Falkevik, politiadvokat i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ho fortel vidare at dei framleis ber publikum om tips.

– Vi har så langt ingen beskriving av gjerningsmennene anna enn at dei skal ha vore utanlandsk opphav, seier Falkevik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL