Dermed blir det ingen streik i havbruksnæringa.
Tidlegare i sommar blei det brot i tarifforhandlingane om revisjon av Havbruksoverenskomsten. Det var spesielt krava om arbeidstid partane ikkje blei einige om.
Om partane ikkje hadde blitt einige i løpet av natta, ville 67 verksemder og 875 medlemer ha blitt tatt ut i streik frå torsdag morgon.
I Møre og Romsdal gjaldt dette 134 medlemmer i verksemdene Lerøy, Salmar og Marine Harvest.
- Les også:
Fem timar på overtid
Men fem timar på overtid blei partane til slutt einige om eit anbefalt forslag, og medlemmene som skulle ut i streik, skal gå på jobb som normalt torsdag morgon.
– Det har vore tøffe forhandlingar. Sentralt i diskusjonen har vore spørsmålet om arbeidstid. Vi er glad for at vi unngjekk ei konflikt, seier administrerande direktør i Sjømat Norge Geir Ove Ystmark.
Partane har mellom anna blitt einige om høgare timeløn og endra vilkår knytt til arbeidstid.
Fellesforbundets forhandlingsleiar Kine Asper er også godt fornøgd med resultatet av meklinga.
– Vi mekla nesten fem timar på overtid og kom fram til eit totalresultat som vi er godt fornøgd med. No er det viktig at alle medlemmene bruker stemmeretten og stemmer i uravstemminga, seier Asper.