Hopp til innhold

Ingen ekstra terrortiltak på høgskulane

Ingen av høgskulane i fylket sett inn ekstra tiltak i forbindelse med terrorvarselet. – Men vi må vurdere på nytt dersom situasjonen ikkje endrer seg til skulestart, seier høgskuledirektør.

Dei regionale høgskulane i møre og romsdal

Dei regionale høgskulane i Møre og Romsdal har alle gjennomgått beredskapsplanane sine, men gjer ingen ekstra tiltak i forbindelse med terrorvarselet.

Foto: Janne Brit Aasen, Gunnar Sandvik, Høgskolen i Ålesund / NRK

Dagen etter at terrortrusselen blei kjend sende Kunnskapsdepartementet ein mail til alle universitet og høgskular i landet. Der bad dei institusjonane å gjennomgå eige beredskapsplanverk og vurdere behovet for tiltak. Fristen for gjennomgåinga er klokka tre måndag.

Ingen av høgskulane i Møre og Romsdal har funne behov for å setje i gong tiltak utover det dei har nedfelt i beredskapsplanane sine.

Jacob Kjøde jr.

Direktør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde jr.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

– Utan studentar på campus og med berre eit par tilsette som ikkje er på ferie vurderte vi det slik at det ikkje var nødvendig med ekstra tiltak utanom å oppfordre til å følgje med på omgivnadene. Så får vi heller ta ein runde til når vi nærmar oss skulestart, seier direktør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde jr.

Gjekk gjennom rutinane i vår

Kari Gagnat, personal- og økonomidirektør ved Høgskulen i Molde, seier Høgskulen ikkje ser ut til å ha fått eposten frå regjeringa, men at føler seg godt rusta likevel.

Kari Gagnat @HiMolde

Personal- og økonomidirektør ved Høgskulen i Molde, Kari Gagnat.

Foto: Arild J. Waagbø / Høgskolen i Molde

– Vi gjekk gjennom beredskapsplanen i vår samtidig som vi hadde ein skarp beredskapsøving i samarbeid med naudetatane, kor det blei simulert skytedrama inne på høgskulen, fortel ho.

I og med at dei ikkje var klar over beskjeden om å gå igjennom beredskapen før i dag, seier Gagnat at høgskulen no vil sjekke opp om det blir nødvendig å gjere tiltak utover det som står i planen.

– Men vi kjem nok ikkje til å gå langt utover det som stå der. Studiestart satsar vi på å gjennomføre som normalt.

Her kan du lese alt om terrortrusselen mot Norge.

Meir vaktsam

Fungerande høgskoledirektør ved Høgskulen i Ålesund, Lasse Gallefoss, seier beredskapsplanen er gått igjennom, og at høgskulen ikkje har funne det nødvendig å ta grep utanom det som står i den.

Lasse Gallefoss @HiAls

Fungerande høgskoledirektør ved Høgskulen i Ålesund, Lasse Gallefoss.

Foto: Høgskolen i Ålesund

– Men vi er heilt klart meir "på alerten". Særleg viktig for oss var det å skaffe full oversikt over studentar og tilsette som er på campus, sjølv om det ikkje er so mange no i ferien, seier han.

– Vi har ikkje tenkt så mykje fram mot studiestart, vi held oss til signala vi får frå dei som gjer trusselvurderinga. Men vi håpar sjølvsagt at vi kan gjennomføre som normalt.