Hopp til innhold

– Politiet held fram med styrka beredskap

Sjølv om PST i helga melde om at terrortrugselen mot Norge er noko redusert, held politiet i Rogaland denne veka fram med same beredskap som før helga. Det inneber generell væpning i heile fylket.

Assisterende stabssjef Håkon Strand i Rogaland politidistrikt

Assisterande stabssjef, Håkon Strand i Rogaland politidistrikt, fortalde om terrorberedskapen i NRK Rogaland si morgonsending på radioen i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Situasjonen i Rogaland er slik den har vore sidan onsdag då trugselvurderinga kom, seier assisterande stabssjef Håkon Strand, i Rogaland politidistrikt.

Det vil sei at den auka beredskapen som blei sett inn fredag, framleis står ved lag. Operativt politi ber dermed framleis synleg våpen.

Massiv fellesbøn Stavanger

Måndag er siste dag i ramadan, også kalla id, og i Stavanger er det venta at meir enn tusen muslimar skal samlast på Stavanger stadion mellom klokka ni og tolv på føremiddagen.

Politiet vil vera til stades ved det store bønnemøtet.

– Dette er ein plass der fleire folk samlar seg, derfor er det naturleg for oss å vera i området. Men me skal vera diskret, seier Strand.

Han understrekar at dei ikkje er der på grunn av at dette er ei muslimsk samling.

– Det er ikkje ei ekstra trugselvurdering i samanheng med at dette er id. Trugselen som har kome ikkje er retta mot noko konkret. Derfor retta me merksemda mot Gladmatfestivalen i helga, id i dag og me ser framover mot Blink-festivalen og landsskyttarstemnet, seier han.

– Får dagleg inn tips

Etter pressekonferansen til PST på onsdag var det mange urolege folk som ringde inn til politiet. Nå er det for det meste tips dei får inn.

– Me får dagleg inn tips, og det er framleis viktig at folk er merksame og meldar frå dersom dei skulle sjå eller høyra noko mistenkeleg. Elles er det viktig at dei kosar seg i godvêret, seier Håkon Strand.

Ingen tips har så langt ført til noko konkret.

SJÅ VIDEO: Politiet væpnar seg

Terrorfrykt i Rogaland

►ARKIVVIDEO FRÅ FREDAG 25. JULI: Egil Eriksen i Rogaland politidistrikt og Knut Lyngholm frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt gjorde fredag greie for terrorsituasjonen i Rogaland.