Hopp til innhold

Vil tene pengar på å vatne ut klippfisken i Noreg

Klippfiskindustrien i Noreg sender frå seg heil klippfisk som må vatnast ut i to-tre dagar i utlandet. No vil dei lage klippfisken gryteklar.

Klippfiskproduksjon ved Brødrene Sperre i Ålesund

Klippfisken frå Ellingsøya i Ålesund blir sendt heil til utlandet. Der blir den vatna ut og vidareforedla.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Store flak av salta og tørka torsk blir vege og pakka i kasser på fabrikken på Ellingsøya i Ålesund.

Snart skal klippfisken hamne på middagsbord i Portugal og Brasil.

Produksjonssjef Kjartan Stokke ved Brødrene Sperre

Kjartan Stokke ved Brødrene Sperre seier at dei ynskjer å utvikle seg og tilverke klippfisken.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Klippfisken blir sendt heil, medan utanlandske bedrifter vatnar den ut og kuttar den i porsjonsstykke. Klippfisken kan nemleg ikkje etast slik den blir sendt frå fabrikken. Fisken må vatnast ut i to-tre døgn, for å fjerne saltet.

– Vi er nok langt bak i leksa når det gjeld vidareforedling. Portugal ligg milevis framføre, seier Kjartan Stokke. Han er produksjonssjef ved Brødrene Sperre.

Marknaden i utlandet spør etter meir bearbeidde produkt, og no vil sunnmørsbedrifta hive seg på.

Klippfisk delt i porsjonsstykker

Brødrene Sperre vil satse meir på utvatna klippfisk i porsjonar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Må vere raskt og enkelt

Noreg eksporterte klippfisk for 5,6 milliardar i fjor.

Forskarar trur at bedriftene kan tene meir pengar på å ikkje berre produsere klippfisken, men også tilverke den. På den måten kan det kome meir klippfisk også i norske butikkar.

– Det er viktig å lage ferdigvarer, som folk raskt og enkelt kan bruke til middag. Eit frose, utvatna produkt treng berre tining, seier prosjektleiar Ingebrigt Bjørkevoll ved Møreforsking. Dei har samarbeidd med Brødrene Sperre i to år.

Ingebrigt Bjørkevoll, prosjektleiar ved Møreforsking står med flak av klippfisk

Ingebrigt Bjørkevoll ved Møreforsking meiner det norske produsentar bør satse på meir forbrukarvennlege klippfiskrettar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Bjørkevoll ser for seg at det skal bli like enkelt å lage ein klippfiskmiddag, som det er å lage laks.

Møreforsking trur også fleire ferdigrettar som klippfiskbollar, pålegg og omnsrettar vil bli tatt godt imot.

Vatne ut med sjøvatn

For å kunne selje gryteklare produkt, har Møreforsking testa korleis klippfisken kan vatnast ut på ein effektiv måte, i stor skala. På klippfiskbedrifta på Ellingsøya har dei bygd opp ei utvatningslinje i industriskala, som tar eitt tonn klippfisk i gongen.

Utvatninga skal dermed skje automatisk. Det blir også brukt sjøvatn første døgnet for å spare på ferskvatnet. Tilgang på reint sjøvatn er eit konkurransefortrinn for den norske bedrifta.

– Dette er både miljøvenleg og arbeidssparande, seier Bjørkevoll. Etter mange forsøk har dei no funne den optimale måten å vatne ut klippfisken på, der det blir riktig saltinnhald.

Mål om meir tilverking

Sjømat Noreg seier at det er eit mål at meir av fisken skal tilverkast her heime. Noreg er leiande i produksjon av klippfisk i verda, men når fisken blir sendt i heile flak er den ikkje konsumentvennleg.

– I altfor stor grad eksporterer vi utilverka fisk ut, seier fagsjef Kyrre Dale. Det er ulike årsaker til at det skjer, men blant anna har ikkje fabrikkane i landet hatt utstyr for å gjere jobben. Han synest det som skjer på Brødrene Sperre er positivt.

– Det er kjempebra at det blir satsa og investert for å skape meir aktivitet og sysselsetting her heime, seier Dale.

Brukar du å lage klippfiskrettar til middag?

Høge lønningar

Produksjonssjef Kjartan Stokke seier at forskarane har rett i at klippfiskindustrien i Noreg må kome seg vidare.

– Vi ynskjer å vere med på ny utvikling og kome nærare inn på sluttforbrukaren, seier Stokke.

Ein av grunnane til at så lite av dagens klippfisk blir tilverka er at det kostar mykje å gjere det i Noreg, med høge løningar. Ei anna utfordring er å kunne bruke heile klippfisken, ikkje berre dei finaste delane.

– Vi må finne ut korleis vi skal auke verdien på dei andre delane for å få det til å bli lønsamt, seier Stokke. Håpet hans er at meir av klippfisken også skal hamne på norske middagsbord.

Klippfiskproduksjon ved Brødrene Sperre i Ålesund

I dag blir klippfisken sendt heil i 25 kilos kasser til utlandet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Les også Ny sjømatrekord: I fjor sendte Norge 15 milliarder fiskemåltider ut av landet

Tørrfisk på hjell ved Hamnøy i Lofoten