Hopp til innhold

Meiner helseministeren driv indirekte reklame for amerikansk selskap

Helseministeren meiner kommunane bør innføre eit datasystem til over 3 milliardar kroner. IKT Norge er kritisk.

Fredrik Syversen, strategidirektør i IKT-Norge

KRITISK: Fredrik Syversen i IKT Norge er kritisk til at Ingvild Kjerkol har oppfordra kommunane i Midt-Noreg til å velje Helseplattforma.

Foto: IKT-Norge

Milliardprosjektet Helseplattforma er snart klar til bruk. Høyrest kanskje avansert ut, men det handlar om du som pasient. Eller rettare sagt, dei som bur i Trøndelag og Møre og Romsdal.

I dag så har du gjerne fleire journalar om helsa di. Ein hos fastlegen og ein på sjukehuset.

Nyleg bad helseministeren kommunane om å seie ja til Helseplattforma, for å nå målet regjeringa har sett, «éin innbyggjar, éin journal».

Skjermdump frå Helseplattformen.no.

OPPFORDRAR: I eit innlegg på Helseplattforma sin nettstad oppfordra helseministeren kommunane i Midt-Noreg til seie ja til det nye IT-systemet.

Foto: Skjermdump/18.02.22

Helseplattforma er nemleg eit heilt nytt system for journalføring, der både du og dei som behandlar deg skal få tilgang på same informasjon, i éin journal.

NRK forklarer

Kva er Helseplattforma?

Kva er Helseplattforma?

Kva er Helseplattforma?

Det er eit digitalt system for journalføring som etter planen skal bli tatt i bruk i Helse Midt.

Alle sjukehusa i regionen skal bruke systemet og alle kommunar er invitert inn. Målet er at det skal bli lettare å samarbeide om helsa di.

Ein journal er der legen skriv ned informasjon om deg som pasient. Der kan du lese kva medisinar du går på, eller når du var hos legen sist.

Kva er Helseplattforma?

Kvifor treng vi Helseplattforma?

I dag så har fastlegen din og sjukehuset kvar sine journalar for deg. Det kan skape problem om du hamnar på sjukehus, då vil ikkje legen der kunne sjå informasjon som fastlegen din har skrive.

Helseplattforma er eit felles system for alle som fører journal. Det vil seie at uansett kvar du hamnar i Midt-Noreg, så skal dei som behandlar deg få tilgang på same informasjon.

Kva er Helseplattforma?

Kvifor gjeld Helseplattforma berre for Midt-Noreg?

Helse Midt fekk i oppdrag å teste ut regjeringa sitt mål, nemleg «éin innbyggjar, éin journal».

Denne gongen hadde både kommunane og sjukehusa i Midt-Noreg behov for eit nytt journalsystem. Dermed gjekk dei saman for å få til eit system som fungerer for alle partar og som følgjer pasienten.

Arbeidet med nytt journalsystem for Helse Midt starta i 2012.

Kva er Helseplattforma?

Kva gjer resten av Noreg?

I samarbeid med KS så vil resten av kommunane i Noreg ta i bruk «Felles kommunal journal (FKJ)». Til forskjell frå Helseplattforma som brukar ein leverandør, vil FKJ bestå av fleire leverandørar som snakkar saman.

I Helse Nord, Helse Vest og Helse Sør-Øst vil dei utvikle allereie eit eksisterande system som dei har.

Men kommunane kan også velje å ta i bruk eit anna system. Organisasjonen IKT Norge reagerer på at helseministeren, Ingvild Kjerkol (Ap), oppfordrar dei til å velje Helseplattforma.

Dei meiner at ho med dette driv indirekte reklame for det amerikanske selskapet Epic, som er leverandøren til det nye IT-systemet.

– At ein så til de grader tar til ordet for ei løysing, når der er andre alternativ, det reagerer eg på, seier Fredrik Syversen i IKT Norge.

Sjølv om Helse Midt har investert milliardar av kroner i dette prosjektet, peiker Syversen på at dette er ein konkurransesituasjon med fleire leverandørar.

– Det er ikkje dermed sagt at alle kommunar i region Midt må å gå for den løysinga, dei har eit fritt sjølvstendig val, sjølv om ein ikkje kan tru det når ein les retorikken til helseministeren.

– Det kunne ho ha spart seg

Også Visma, som er ein av leverandørane av journalsystem til kommunar i Noreg, meiner uttalen til helseministeren blir heilt feil.

– I rolla som helseminister så burde ho ikkje gå ut å ha eit slikt innlegg. Kommunane i Midt-Noreg har andre alternativ til Helseplattforma, dette kunne ho ha spart seg, seier Tormod Bekken i Visma.

Helseministeren er ikkje einig i kritikken. Ho peiker på at valet av leverandør vart gjort lenge før ho vart minister.

– No er det ein valt leverandør, og dei står klare til å rulle ut. Då synest eg det er riktig av ein helseministeren å heie på at dei lukkast i Midt-Noreg. Potensialet for at dette skal bli bra er størst om dei får med kommunane saman med Helse Midt så tidleg så mogleg, seier Ingvild Kjerkol.

Syversen rår kommunane til å tenke seg godt om før dei går for eitt av systema.

– Det må vere forvirrande, og ein er under eit ekstremt press. Det er viktig å bruke tid og tenke seg godt om. Sjå på kva som er best for sin kommune, og gjere val ut ifrå det.

Får lite informasjon

IKT Norge etterlyser også meir informasjon rundt Helseplattforma. Fleire kommunar har førebels ikkje sagt ja til milliardprosjektet fordi dei ikkje veit kva dei får.

IT-sjefen i Værnes regionen saknar betre informasjon frå Helseplattforma.

Vi lurer på veldig mykje. Det har vi gjort lenge. Vi slit med å få dei svara som gjer oss trygge. Vi lurer på teknologien, vi lurer på kva det eigentleg vil koste, brukargrensesnittet. Framleis har vi ikkje desse svara, seier Elin Wikmark Darell.

Elin Wikmark Darell

SAKNAR INFORMASJON: IT-sjefen i Værnesregionen, Elin Wimark Darell, seier dei har for lite informasjon til å takke ja til Helseplattforma no.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

Helseministeren har forståing for at kommunane har mange spørsmål.

– At ein har mange spørsmål, det forstår eg veldig godt. Det er veldig viktig at Helseplattforma er open og svarer på alle spørsmål kommunane måtte ha.

Viseadministrerande direktør i Helseplattforma, Christer Mjåset, kjenner seg ikkje igjen i kritikken til IKT Norge og Darell.

Han meiner kommunane har fått gode estimat på kva det vil koste, og at dei jamleg har informasjonsmøter med kommunane som har sagt ja til å vere med i forprosjektet.

– Enkelte spørsmål som er stilt frå Værnes-regionen er knytt til vedtak som vi ventar på at styret og eigarar skal fatte. Desse spørsmåla har vi vore tydlege på at vi ikkje kan svare ut for vedtaka er på plass, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL