NRK Meny
Normal

No er heile vegen opna

Onsdag blei Trollstigen opna for trafikk. To venninner fekk gleda av den første turen.

Victoria Strothmann og Patricia Schowwe

Victoria Strothmann og Patricia Schowwe blei først gjennom Trollstigen onsdag.

Foto: Ottar Rydjord

I førre veke opna vegen mellom Trollstigplatåen og Valldal. Svingane har til no vore stengt på grunn av skredfaren frå Bispefonna.

Trollstigen i Møre og Romsdal

Onsdag 25. mai opna Statens vegvesen heile Trollstigen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

No blir det også lov å køyre dei kjende svingane mellom platået og Åndalsnes. Vegen har vore vinterstengt fram til no. Og dei som stod først i køen då svingane blei opna onsdag var venninnene Patricia Schowwe og Victoria Strothmann.

Har jubileum

Dei siste to åra har strekninga opna tidlegare enn vanleg. I fjor opna strekninga 13. mai og i 2014 opna vegen rekordtidleg. Då kunne første bilist køyre heile vegen allereie 8. mai. Det var den tidlegaste opninga sidan 1991. Den seinaste opninga i løpet av dei siste 16 åra skjedde 6. juni 1997.

Hilde Gråberg Bakke

Turistsjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke, var med på opninga.

Foto: Ottar Rydjord

I år er Trollstigen 80 år og turistsjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke, delte onsdag ut informasjonsmateriell til dei første bilistane.

I slutten av april brøyta Statens vegvesen Trollstigen. Sjå den spektakulære brøytevideoen her.

Laster kart, vennligst vent...

Sommaropning Trollstigen

1990

12. mai

1991

8. mai

1992

27.mai

1993

28.mai

1994

20.mai

1995

28.mai

1996

24.mai

1997

6. juni

1998

15.mai

1999

14.mai

2000

26.mai

2001

21.mai

2002

23.mai

2003

28.mai

2004

29.mai

2005

1. juni

2006

23.mai

2007

23.mai

2008

27.mai

2009

20.mai

2010

28.mai

2011

13.mai

2012

1.juni

2013

22.mai

2014

8.mai

2015

13.mai