Hopp til innhold

Politiet i distrikta skal patruljere på internett

Førebygging av kriminalitet på nett blir eit satsingsområde for politiet i år. Målet er å ha fast patruljering på internett i fleire av politidistrikta i landet.

Bea Rye og Hans-Eirik Pettersen pratar med ungdom

NETTVETT: Elevar ved Ulstein ungdomsskule møtte nyleg representantar for lensmannskontoret på øya til uformelle samtalar om ungdomar og nettbruk.

Foto: Arne Flatin / NRK

I Ulstein kommune på Sunnmøre er det nyleg tilsett ein etterforskar på digitalt politiarbeid.

Etter to ferske saker der ungdomar og sosiale media er fellesnemnarar, er behovet stort for dette, meiner lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Hans-Eirik Pettersen

PÅ ETTERSKOT: Hans-Eirik Pettersen er lensmann i Ulstein og Hareid. Han meiner politiet heng etter og for ofte er på etterskot i forhold til ungdom og sosiale media.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Politiet og andre aktørar har eit betydeleg forbetringspotensial på dette feltet. Spesielt når det handlar om å førebygge kriminalitet.

– Vi føler veldig sterkt at utviklinga går frå oss. Vi er på etterskot, og det er ein vond følelse. Vi må komme i forkjøpet, slik at vi kan stanse ei negativ utvikling, seier Pettersen.

Problemstillinga er ikkje ny. Hans Marius Tessem peika på tematikken i ei ytring i august. Der hevdar han at digital trakassering, utpressing og hevnporno aukar i omfang, og at politiet manglar både evne og vilje til å stanse problemet.

– Lukkar seg meir inne

– Vi ser ein tendens til at ungdom no lukkar seg meir inne i private grupper. Tidlegare var nettbruken prega av opne samfunn der all informasjonen var tilgjengeleg, forklarer Bea Rye.

Rye er nyleg tilsett som digital etterforskar, og vedgår at det krevst meir og meir for å ha oversikt på nettet. Det er ei utfordring for politiet.

– Hendingar blir filma, lagt ut og spreidd på nettet. Ofte får folk vite mykje om ei hending før politiet i det heile tatt veit at det har skjedd noko.

Bea Rye

DIGITALE RESSURSAR: Bea Rye ved Ulstein og Hareid lensmannskontor meiner det er viktig å bruke ressursar på førebygging og arbeid opp mot ungdomar sin nettbruk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Patruljering på nettet

– Vi kan ikkje lenger berre ha patrulje i den analoge verda. Vi må også patruljere internett og den digitale arenaen, seier Øyvind Buraas i Politidirektoratet.

Derfor blir det oppretta stillingar til etterforskarar som jobbar spesifikt med digitalt politiarbeid.

Etter kvart vil det også bli fleire tilsette som jobbar med førebygging av kriminalitet på internett.

Kripos har det allereie, men i løpet av 2018 blir det også prøvd ut i fleire politidistrikt rundt om i landet.

Øyvind Buraas

MEIR RESSURSAR: Øyvind Buraas i Politidirektoratet seier det blir brukt meir og meir ressursar på digitalt politiarbeid.

Foto: Politiet

Styrka førebygging

Politidirektoratet har dei siste åra fått tydelege, politiske signal på at det førebyggande arbeidet skal bli prioritert.

– Førebygging skal vere ein primærstrategi. Ikkje berre mot barn og unge, men på alle område av politiarbeidet, seier Buraas

Eit av hovudmåla i 2018 er å styrke førbygginga av kriminalitet, ifølge tildelingsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Ifølge Buraas blir det brukt meir ressursar på det, og han seier det er ein heilt annan plan for det førebyggande arbeidet, enn det var for fire-fem år sidan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL