Hopp til innhold

Politiet er stadig oftare væpna: – Uskuldstida er over

Politiet i Noreg går oftare og oftare med pistol på hofta, trass i at folk flest ikkje trur væpna politi gjer livet deira tryggare.

Bevæpning i Politiet

VÆPNA POLITI: Væpna politibetjentar er eit stadig meir vanleg syn i Noreg.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ein bil køyrer i grøfta. Ein nabo spelar for høg musikk. Det er lang kø til utestaden i sentrum laurdag kveld. I alle desse situasjonane kan politiet dukke opp for å hjelpe.

Og i dagens Noreg har dei pistol på hofta når dei kjem, uansett oppdrag.

Dei siste fire åra har politi i heile landet vore mellombels væpna ti gongar. Dei fire åra før var dei berre væpna éin gong.

I dag vil eit ekspertutval anbefale fast generell væpning for justisminister Emilie Enger Mehl.

VÆPNING POLITIET BILETSVEIP 1
VÆPNING POLITIET BILETSVEIP 2
VÆPNING POLITIET BILETSVEIP 3
VÆPNING POLITIET BILETSVEIP 4

Les også Utvalg anbefaler generell bevæpning av politiet

Ynskjer væpna politi, men føler seg ikkje tryggare

Ei ny undersøking Norstat har gjort for NRK syner at folk flest ynskjer at politiet skal bere våpen i periodar då det trengst, men ikkje heile tida.

Men undersøkinga syner også at dei fleste meiner at væpna politi ikkje gjer livet til folk flest tryggare.

Les også Væpnede oppdrag øker kraftig: – Politiet vil helst bruke minst mulig makt

Har jobba for generell væpning i eit tiår

Sidan politiet nasjonalt fekk lov å bere våpen i 2014 har dei gjort det nær 28 prosent av tida, skriv Politiforum.

For ti år sidan, i november 2012, vedtok Politiets Fellesforbund at dei skulle kjempe for permanent væpning av alle politifolk.

– Det er på høg tid, seier Morten Alexander Mossin.

Han er politisk rådgjevar i forbundet og har fagleg ansvar for væpningsspørsmålet.

Mossin meiner at den stadige mellombelse væpninga politiet gjer er eit teikn på at tida med eit uvæpna politi er over.

– Den siste tida med mellombelsheit er jo eit teikn på det har vore ei eskalering av trusselsituasjonar som norsk politi møter, seier han.

Forbundet meiner væpning handlar like mykje om trygging av den einskilde politibetjent som det handlar om å trygge samfunnet.

– Våre medlem ynskjer å få på plass generell væpning for å kunne vere trygg på jobb, og det må vi som samfunn lytte til, seier Mossige.

Les også Elektrosjokkvåpen blir permanent innført i norsk politi

Elektrosjokkvåpen i politiet - Beredskapstroppen

Vil fremje fast væpning for Stortinget

Leiaren av justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp) har i fleire år kjempa for at politiet skal bere våpen fast.

Han meiner motstandarane mot fast væpning har blitt færre grunna «endringar dei siste åra».

– Det trur eg handlar om trusselsituasjonen. Og so at vi i veldig store periodar dei siste åra i praksis hatt eit væpna politi, seier Amundsen.

– Noreg har jo vore eit land der det har vore eit prinsipp at politiet ikkje skulle bere dødelege våpen. Er den tida no over?

– Eg trur det er ei tid som definitivt er over. Det er ei tid som eg, diverre, trur aldri kjem til å vere ein realitet att.

Per-Willy Amundsen, justispolitisk talsmann, Frp.

– Den uskuldstida er over, og det trur eg er viktig at ein innser i Stortinget og at ein gjer dei endringane som er naudsynt, seier Amundsen.

Foto: Bjørn Inge Bergestuen / Fremskrittspartiet

Amundsen har tenkt å fremje forslag om generell væpning av politiet for Stortinget før den noverande perioden med mellombels væpning går ut 1. desember.

– Som ein ser av den tidslinja har det vore mykje mellombels væpning. So mykje av det at vi nesten er ved permanent væpning. Avstanden er ikkje stor, seier Amundsen.

Klokka 14.00 måndag vil ekspertutvalet legge fram sin rapport for justisministeren. Følg saka her.