Hopp til innhold

Nordlys kan bli sendt ut på anbod

Reparasjonen av hurtigruteskipet Nordlys kan bli sett ut på anbod.

Hurtigruta Nordlys

Hurtigruta Nordlys kan bli liggjande til kai i Ålesund i fleire dagar.

Foto: Terje Reite / NRK

Reparasjonen av hurtigruteskipet Nordlys, vert mest truleg lyst ut på anbod.

Ragnar Norum

Kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten AS, Ragnar Norum, seier at reparasjonen kan bli lyst ut på anbod.

Foto: Hurtigruten

– Vi meiner no at skipet er tett og dermed har vi betre tid til å gjere ein anbodsrunde med ulike verft, seier kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten AS, Ragnar Norum.

Les også:

Blir liggjande i Ålesund

Det betyr at Nordlys dermed ikkje vert flytta frå kai i Ålesund i dag, og kan kome til å bli liggjande der i fleire dagar. Planen var først å slepe skipet til tørrdokk ved Fiskerstrand Verft, men no vil reiarlaget truleg gå breiare ut og innhente pris frå andre verft.

Grundig undersøking

Det Norske Veritas saman med Sjøfartsdirektoratet gjer no ein grundig innvendig inspeksjon og undersøker botnen av skipet med kamera, for å sikre at skipet er tett og mogleg å flytte på.

Beste pristilbod

– Vi sett alltid reparasjonar ut på anbod dersom vi har høve til det, for å få det beste pristilbodet, seier Norum. Det er store beløp det er snakk om, men så langt veit ikkje reiarlaget kor store kostnader det vil bli.

For å slepe skipet over ein lengre avstand, treng reiarlaget løyve frå Sjøfartsdirektoratet.

Internasjonalt anbod

–Tenkjer de både nasjonalt og internasjonalt anbod?

– Vi har hatt reparasjonar både i Tyskland og Danmark tidlegare, men dette er avhengig av kor langt vi no får lov å segle, seier Norum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL