Hopp til innhold

- No er hurtigruta Nordlys tett

Søndag formiddag konkluderer bergingsmannskapa med at dei har klart å tette lekkasjen i skipet. Men det er framleis usikkert når skipet kan snuast.

Hurtigruta Nordlys

Søndag morgon var det så stille kring hurtigruta Nordlys at også måsane hadde funne tilbake til dei gamle plassane sine. Det er også heilt tydeleg at skipet knapt har slagside lenger. Seinare på dagen skal skipet truleg snuast.

Foto: Terje Reite / NRK

Etter å ha teke ein gjennomgang av situasjonen er alle involverte no sikre på at skipet er tett.

Ragnar Norum

Ragnar Norum er kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten AS.

Foto: Hurtigruten

– Det kjem ikkje særleg med vatn inn i hurtigruta Nordlys no, seier kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten Ragnar Norum til NRK.

Søndag morgon vakna ålesundarane til ein dag, knapt utan ein lyd frå hurtigruta, som ligg nesten heilt stabilt ved kaia. Bergingsmannskapa held seg i ro, og overvaka situasjonen. Etter kvart vart det meir møteaktivitet for å planlegge tømminga av skipet. Sjøfartsdirektoratet og Veritas er på staden for å kontrollere at alt er i orden.

– Det er no opp til Sjøfartsdirektoratet å avgjere om vi får snu skipet. Og akkurat no er det folk nede for å filme skroget, seier Norum.

Hurtigruta Nordlys Ålesund

Søndag morgon overvaka mannskap området ved stabilisatorane, der vatn har kome inn via ei flengje i skroget.

Foto: Terje Reite / NRK

– Veritas og Sjøfartsdirektoratet filmar skroget for å få verifisert at skroget er tett, seier driftsdirektør i Hurtigruten, Dag-Arne Wenzel.

Er de ikkje heilt sikre på at det er tett?

– Jau, men dei vil utføre denne inspeksjonen før dei konkluderer. Vi har fått meldingar frå dei vi har engasjert om at det er tett. Men myndigheitene må verifisere dette, seier Wenzel.

Bakgrunnen for at skipet må snuast er at det er fleire bilar om bord. Desse må ut av skipet gjennom ein port som no snur mot sjøsida.

Holet i skroget oppsto ved kaia

Undersøkingane viser at lekkasjen mest sannsynleg oppsto då skipet blei lagt til kaia i Ålesund. Staga som blir brukte til å stabilisere skipet ved sjøgang var ute, og lekkasjen oppsto då desse kom i kontakt med kaia.

Hurtigruta Nordlys

Ved 9-tida søndag morgon var aktiviteten kring skipet i ferd med å auke noko.

Foto: Terje Reite / NRK

– Stabilisatoren har vore ute. Den har fått ein støyt mot kaia. Dermed oppsto det lekkasje, seier Wenzel.

Når blir skipet snudd slik at lossearbeidet kan ta til?

– Det er framleis for tidleg å seie noko om dette. Det er avhengig av kor lang tid Veritas og Sjøfartsdirektoratet må bruke på å få verifisert at skipet er tett, seier Wenzel.

Passasjerane reiser heim

Dei aller fleste passasjerane har til no budd på hotell i Ålesund. I dag reiser mange av dei heim, medan nokre brukar lenger tid til å sjå seg om i Ålesund.

– Får dei som skal reise med seg eigedelane sine?

– Nei, dei reiser uavhengig av dette. Eigedelane skal registrerast og blir ettersendt til eigarane, seier Norum.

Det har også vore antyda at måndag er den mest aktuelle dagen for å slepe skipet til Fiskarstrand verft, for å setje skipet i tørrdokk. Slepinga er derimot avhengig av eit klarsignal frå Sjøfartsdirektoratet.

– Det er no 97 passasjerar igjen i Ålesund. Ein tredel av desse reiser heim att i dag. Dei fleste som er att i Ålesund skal på utflukt til akvariet Atlanterhavsparken i dag, fortel Norum.