Høgre garanterer nytt sjukehus i Molde

Høgre garanterer at det vert nytt sjukehus i Molde, om Høgre kjem i regjeringsposisjon. Det seier ordførarkandidat i Molde, Torgeir Dahl.

Video HØGRE GARANTERER NYTT SJUKEHUS I MOLDE

Høgre garanterer nytt sjukehus i Molde og Høgre kjem i regjeringsposisjon.

Høgre meiner at det alt no er slått fast at det er grunnlag for nytt sjukehus i Molde. Når ein kjem til nytt stortingsval, er det gjort nye utgreiingar som også støttar opp om dette, hevdar Torgeir Dahl.

– Om fire år er alle utgreiingane gjennomført endå ein gong. Alt no viser dei noverande utgreiingane at det trengst eit nytt sjukehus i Molde, og at sjukehuset bør ligge på Eikrem. Vi held fast ved dette, seier Torgeir Dahl.

– Atterhalda galdt Arbeidarpartiet

Høgreleiar Erna Solberg har tidlegare garantert for nytt sjukehus i Molde. Men ho har teke nokre atterhald.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl seier han har støtte frå Høgre-leiar Erna Solberg når han garanterer nytt sjukehus i Molde.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Ja, ho gjorde det. Det var fordi ein har vore usikker på om Arbeidarpartiet vile kome med vedtak på kvar sjukehuset skulle ligge, og at det skulle vere umogleg å snu dette, seier Dahl.

– Det største slaget mot Molde

Torgeir Dahl likar ikkje tanken på at sjukehuset i Molde skulle bli lagt ned til fordel for eit sjukehus lenger nord i fylket.

– Dette ville vere det største slaget mot Molde sidan bybrannen. Det ville vere så alvorleg for utviklinga av Molde by at eg kan ikkje forstå at noka regjeringa kunne køyre ut eit slikt hasardiøst prosjekt, seier Dahl.

– Men du kan altså seie, med støtte frå Erna Solberg, at det kjem nytt sjukehus i Molde?

– Det kan eg seie. Vi kjem også til å endre organiseringa. Dei regionale helseføretaka må vekk. Dei kostar alt for mykje. Vi ser at kompetansen som ligg i Stjørdal først og fremst er opptekne av utviklinga på St. Olavs hospital, og for lite opptekne av spesialisthelsetenesta i heile regionen, seier Dahl.