Hopp til innhold

- Meir usikkert om sjukehus

- Når helseministeren vil ha berre eitt helseføretak i Møre og Romsdal blir sjukehuskonflikten endå vanskelegare.

Torgeir Dahl

SJUKEHUSKONFLIKTEN: - Blir verre med eitt helseføretak, seier Torgeir Dahl.

Det seier Høgre-politikar Torgeir Dahl, som leier aksjonskomiteen for nytt sjukehus i Molde.

I møte med Helse Midt i går sa helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen at helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal skal bli slått i hop innan 1.juli.

Skuffa over finansierings-nei

Helseministeren sette òg ned foten for sjukehusfinansiering frå private eller kommunale aktørar. Forslaga frå private investorar med Bjørn Rune Gjelsten i spissen og det nye tilbodet frå GassROR og Molde blir dermed uaktuelle.

– Dette er jo eigentleg ei ytterlegare stadfesting av at viljen til å bygge ikkje er til stades, seier Torgeir Dahl.

Sidsel Rykhus

VIL HA SVAR: - Strøm-Erichsen må ta stilling, meiner Sidsel Rykhus.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Rett og slett seigpining

Leiar i Molde Arbeidarparti, Sidsel Rykhus, meiner samanslåinga ikkje kunne komme på eit verre tidspunkt.

– Det er mogleg at dette er ei god løysing, men vi synest det er heilt feil å gjere dette no når det er så stor uro i helseføretaket frå før, seier Rykhus.

No vil Arbeidarparti-politikaren at helseministeren skal bestemme seg for nytt sjukehus i Molde eller om det blir eit felles eitt i mellom Kristiansund og Molde.

– Dette er iallfall rett og slett seigpining, seier Sidsel Rykhus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL