Hopp til innhold

Høgre og Frp kan gjere reint bord i Ålesund

Sidan 2015 har Arbeidarpartiet stått i spissen for det politiske fleirtalet i Ålesund. No blir partiet knust av Høgre og Frp i NRK sin nye valmåling for sunnmørskommunen.

Håkon Lykkebø Stranda, Monica Molvær og Anne Berit Støyva Emblem kjemper om å bli ordfører i Ålesund i 2023.

Håkon Lykkebø Strand (Frp), Monica Molvær (H) og Anne Berit Støyva Emblem (Ap) kjempar om bli ordførar i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er fantastisk og utruleg motiverande når vi no skal inn i valkampen. Og det viser at folk er klar for eit skifte i Ålesund.

Monica Molvær smiler breitt medan ho skodar ut over Brosundet. No kan dette bli hennar rike. I åtte år har Arbeidarpartiet styrt skuta i Ålesund. Men på ei ny måling som Norstat har gjort for NRK fossar Høgre fram og er det klart største partiet.

Fem veker før valet har 37-åringen ein ny jobb i sikte. Som ordførar i den største kommunen på Sunnmøre.

– Eg har lyst til å vere ein ordførar for alle. Eg er lyttande og empatisk og likar å finne gode løysingar gjennom dialog.

Monica Molvær er Høyres ordførerkandidat i Ålesund i 2023.

Monica Molvær trur det blir eit borgarleg fleirtal i Ålesund etter valet

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgre får 28,8 prosent. Frp får 22 prosent. Saman får dei to partia reint fleirtal i Ålesund dersom dette hadde vore det endelege valresultatet.

Arbeidarpartiet må derimot nøye seg med fattige 12,4 prosent. Så dårleg har dei aldri gjort det i noko val i Ålesund. Og det er ein enorm nedtur samanlikna med valet i 2015. Då fekk Ap heile 36,2 prosent og overtok styringa av Ålesund.

I tillegg har Haram gått ut av Ålesund og blitt ein eigen kommune. Det påverkar valet. Mellom anna går Senterpartiet kraftig tilbake i denne målinga i forhold til 2019-valet då Haram var ein del av Ålesund.

Partibarometer Ålesund august 2023

Samanlikna med oppslutninga i 2019 då veljarane i Haram stemte ved valet i Ålesund kommune.

PartiOppslutningEndring
28,8%
+9,3
22,0%
+4,6
12,4%
−8,0
7,6%
−0,6
6,8%
−6,0
5,6%
−0,3
4,3%
+1,1
3,1%
−1,6
2,8%
+1,0
2,5%
+0,4
2,1%
+2,1
2,1%
−2,0
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 600 intervjuer gjort i perioden 31.7.23–7.8.23. Feilmarginer fra 1,6–5,1 pp. Kilde: Norstat

Ap gir ikkje opp

Men målinga viser og at 39 prosent av dei spurde ikkje har gjort noko partival no, anten dei ikkje har bestemt seg eller ikkje har tenkt å stemme i det heile tatt.

Og Anne Berit Støyva Emblem har ikkje tenkt å gi opp. Ordførarkandidaten meiner det framleis er håp for Arbeidarpartiet.

– Eg tenkjer at det er mange som ikkje har bestemt seg. No blir det viktig å overtyde dei. Og her ligg det mange Ap-stemmer, trur eg. Våre veljarar bestemmer seg gjerne på tampen av valkampen.

Anne Berit Støyva Emblem er Arbeiderpartiets ordførerkandidat i Ålesund i 2023.

Anne Berit Støyva Emblem trur Arbeidarpartiet har gode sjansar til å mobilisere veljarane inn mot valdagen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Mandatfordeling Ålesund bystyre

Talet på representantar ut frå augustmålinga. Sidan bystyret blir redusert frå 77 til 47 representantar når Haram blir eigen kommune, blir ikkje endring frå 2019 vist her.

PartiAntall mandater Endring
Høyre140
Fremskrittspartiet110
Arbeiderpartiet60
Ålesundlista - Tverrpolitisk liste for Ålesund40
Senterpartiet30
Kristelig Folkeparti30
Sosialistisk Venstreparti20
Rødt10
Miljøpartiet De Grønne10
Venstre10
Industri- og næringspartiet10
600 intervjuer gjort i perioden 31.7.23–7.8.23. Feilmarginer fra 1,6–5,1 pp. Kilde: Norstat

Kampen om byane

Nokre av dei store slaga skal stå i byane. Det er ikkje berre i Ålesund at Arbeidarpartiet skal forsvare skansen. Partiet styrer skuta i svært mange av dei store og mellomstore byane i landet.

Men bølgjedalen har vore djup og langvarig for det største regjeringspartiet. Og det er særleg i byane at ein vil få merke det, trur NRK sin politiske kommentator Lars Nehru Sand.

– Byane liknar meir på rikspolitikken enn dei små kommunane. Difor vil eit skifte frå raudt til blått slå sterkare ut her. I tillegg har Ap makta i ein del byar dei til vanleg ikkje har hatt. Når Høgre er i så god form som no kan det bli svært spanande i mange store og mellomstore byar.

Lars Nehru Sand

NRK sin politiske kommentator er spend på kva som skjer i byane.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Lars Nehru Sand trur og at Arbeidarpartiet kan hente veljarar som sit på gjerdet. Dei er lettare å få tilbake enn veljarar som har gått til andre parti. Men han trur partiet skal slite med å gjere eit like godt val i Ålesund som for fire år sidan.

Og no startar førehandsrøystinga. Det gjer at tida er knapp for den som skal vinne veljarar.

– Stadig fleire vel å stemme på førhand. Det gjeld særleg i byane. Det inneber at det er ein fordel for Høgre og Frp å ha kome godt i gang med valkampen.

Kjøtvekta er viktig

Men kampen om kven som får ordføraren i Ålesund er ikkje avgjort. Frp vil gjerne ha eit ord med i laget. Og målet vårt er klart, seier ordførarkandidaten Håkon Lykkebø Strand.

– Vi vil bli størst i Ålesund. For det er kjøtvekta som tel i forhandlingane. Vi skal ikkje stikke under ein stol at vi ønskjer å få ordføraren i Ålesund, men det viktigaste er politikken.

Håkon Lykkebø Strand er Frp sin ordførerkandidat i 2023.

Håkon Lykkebø Strand håper framleis at Frp blir det største partiet i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK