Hopp til innhold

Rune er lei av å slakte hjort

Enkelte plassar er det så mykje hjort at jegarane er slitne. – Før var det ein hobby. No er det ein stor jobb, seier Rune Stene.

Rune Stene viser frem hjorten i fryserommet som er i et ombygd toalett i det gamle skolehuset på Hildre

Rune Stene og jaktlaget har ein kvote på 53 hjortar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hjortejakta er godt i gang. I det nybygde kjølerommet på Hildre på Sunnmøre heng døde hjortar på rekke og rad, klar til å bli parterte.

– Eg håper vi klarer å ta ned hjortebestanden. Vi er i grunn leie av å slakte hjort, men det må gjerast, seier Rune Stene.

Han skaut sin første hjort for 49 år sidan. Sidan den gong har bestanden berre auka og auka.

Jakta har blitt jobb

I dag har jaktlaget hans kvote på 53 hjortar. Når kvoten er tatt, kan dei ta så mange hjortekalvar dei vil. 72 kommunar har fått innvilga kvotefri jakt på hjortekalvar av Miljødirektoratet fordi hjortebestanden er så stor.

For Stene har det som starta som ein lystprega hobby blitt meir som ein jobb.

– Vi gler oss litt til jakta, men det blir i meste laget, seier den erfarne jegeren.

Rune Stene viser den unge jegeren Robin Bjørnland hvor han finner dem forskjellige kjøttstykkene på hjorten.

Robin Bjørnland er fersk jeger. Rune Stene viser han kvar dei ulike kjøttstykka på hjorten er.

Foto: Remi Sagen / NRK

Har ikkje nok mat

Seniorforskar Vebjørn Veiberg i Norsk institutt for naturforsking, NINA, synest det er spesielt at jegerar seier at dei er leie, men han forstår problemstillinga. I mange kommunar er hjortebestanden altfor høg og dermed skal mange dyr fellast.

Vebjørn Veiberg, forsker NINA

Forskar Vebjørn Veiberg seier at det er uheldig at hjortebestanden har blitt så stor og at det difor er viktig å felle nok dyr.

Foto: Norsk institutt for naturforskning

– I fjor blei det felt over 50.000 hjort i landet. Det har gått frå rekord til rekord, seier Veiberg. Han seier det er uheldig at hjortebestanden har blitt så stor.

Med så mange dyr er det ikkje nok mat til alle og hjorten krympar i storleik og er meir utsett for sjukdom. Hjorten kjem også i konflikt med landbruket og skogbruk. Dessutan er det meir trafikkfarleg.

– Det er viktig å ta ut dyra så bestanden ikkje aukar over alle støvleskaft, seier Veiberg.

Les også Ber jegerane droppa dei drygaste trofébileta frå årets jakt: – Bruk hovudet

En ung bukk har falt etter en vellykket reinsjakt vest for Vinjeveien i Østerdalen

Vebjørn Lunde Nybø viser frem jaktrifla. klar for måneskinnsjakt

Vebjørn Lunde Nybø var med på si første jakt som 10-åring. Dei siste åra har han fått blitt med jaktlaget på Hildre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ungdom hjelper til

Jaktlaget på Hildre har fem jegerar som er aktive. I tillegg har dei fått med seg fleire ungdommar på laget, som er med og lærer både å skyte og slakte dyret. Hjortar som blir skotne på fjellet må dragast ned att til bygda, og då er det fint å ha med seg dei som er unge og spreke.

Slik som 22 år gamle Vebjørn Lunde Nybø, som elskar å gå på jakt.

Nybø deler Stene si bekymring for den auka bestanden, men meiner han aldri kjem dit at han blir lei av å slakte dyra.

– Det er klart visst ein skyt mange dyr og du skal stå og slakte lenge åleine, kan ein bli litt lei. Men eg blir ikkje lei, smiler Nybø.

Sjølv har han tatt sju dyr så langt.

– Å finne hjorten no er ikkje noko problem. Det blir berre fleire og fleire, seier 22-åringen.

For Rune Stene sit motivasjonen lengre inne.

– Eg spring ikkje lenger ut i alt slags ver midt på natta for å jakte, seier Stene.

Rune Stene er en erfaren jeger her uten for slaktehuset. Han ser opp i fjellsiden hvor hjorten beiter

Rune Stene har jakta i 49 år. Dei siste åra har hjortejakta blitt meir jobb enn hobby fordi det er så mange dyr som skal fellast.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL