Bønder på vestlandet har lenge meint at noko må gjerast. No kjem første tiltak for å redusere den stadig veksande hjortestamma.
72 kommunar, hovudsakleg på Vestlandet, har fått innvilga kvotefri jakt på hjortekalvar av Miljødirektoratet. Altså at det ikkje er avgrensa kor mange kalvar som kan skytast.
Alle kommunar som søkte har fått dette innvilga. 31 er i Vestland fylke. Mellom dei er Bergen.
Fryktar skeiv samansetning
– Hjortebestanden må ned!
Det seier viltforvaltar i Bergen, Caroline Ertsås Christie.
Ho meiner det er så mykje hjort at det er til skade for landbruket. I tillegg vert det stadig fleire påkøyrsler.
– Så er det heller ikkje bra for hjortestamma sjølv at det vert for mange. Det vert for mykje kamp om maten, og ei skeiv samansetning av dyr.
Her er alle kommunane kor det er lov med kvotefri jakt på hjortekalv i 2022:
Bondelaget glade for auka kvotar
Bønder i vest har lenge fortvila over det dei opplever er eit stadig aukande problem.
I Hausdalen i Bergen har dei prøvd det meste for å halde hjorten vekke.
– Men i år har han ete mellom 30–40 prosent av graset vårt. Det er fortvilande. Det betyr at vi må kutte ned på talet sauer som kan få mat i løpet av vinteren.
Bodhild Fjelltveit er bonde og andre nestleiar i Bondelaget. Ho meiner forvaltninga av hjorten har vore for dårleg, men at fri kalvejakt er eit steg i riktig retning.
– Men kvotane på vaksne dyr må og aukast. Dette truar livsgrunnlaget både for bønder og hjorten sjølv. Hjorteplagen kan vere det som gjer at marginane vert for små for mange vestlandsgardar.
– STEG I RIKTIG RETNING: Bodhild Fjelltveit er andre nestleiar i Bondelaget.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKVarslar fleire tiltak
Viltforvaltar Christie seier det vil kome fleire tiltak i Bergen framover hausten, og at dei samkøyrer med nabokommunane.
– Vi vurderer å auke kvotane og på vaksne dyr. Målet er ein mindre bestand, og at dei største dyra vert att.
Christie skildrar hjorten som ein klimavinnar. Mildare vintrar gjer at individ som tidlegare ikkje overlevde får lange liv på vestlandske bøar.
Hjorten spreier seg og til stader den tidlegare ikkje var å finne.
– Difor treng vi ein meir aktiv forvaltning framover. Men det er utfordrande å samkøyre jegerar, grunneigarar, kommunar og sentrale styresmakter.
Hjortejakta opnar 1. september.