Hopp til innhold

Ber jegerane droppa dei drygaste trofébileta frå årets jakt: – Bruk hovudet

Jeger- og fiskeforbundet ber jegerar tenka over korleis dei presenterer jakta i sosiale medium.

En ung bukk har falt etter en vellykket reinsjakt vest for Vinjeveien i Østerdalen

INNANFOR? «Ja» vil nok mange meine, «nei» vil nok mange meine.

Foto: Gunnar Lier / NTB

Rundt om i landet sit titusenvis av jegerar og trippar, klare til å koma seg ut i skog og mark for årets jakt.

Etter byttedyret er felt, er det mange som ønskjer å foreviga augeblikket med kameraet. Emneknaggen #jakt gir deg 1,3 millionar treff på Instagram.

Men i år ber Noregs Jeger- og Fiskeforbund jegerane om å tenka seg om to gonger før dei legg ut trofébilete av blodige byttedyr.

– Bruk hovudet før du legg ut noko i sosiale medium, er den klare meldinga frå Espen Farstad, informasjonssjef i Noregs Jeger- og fiskeforbund, og held fram:

– Det finst jo ekstrembilde historisk sett der folk har gått alt for langt med blod og slikt.

Espen Farstad er informasjonssjef i Norges jeger- og fiskerforbund. Han er skeptisk til bajaseri og Texas-tendenser når det gjelder jakt.

– BRUK HOVUDET: Espen Farstad, informasjonsansvarleg i Noregs Jeger- og fiskeforbund, ber jegerane tenka seg om før dei legg ut dei drygaste bilda på nett.

Foto: Privat

Fyr i kommentarfeltet

For ofte blir det fyr i kommentarfeltet under bilde av jegerar som poserer med bytta sine. Farstad skjønar godt at enkelte bilde jegerar har lagt ut har vore langt over streken.

Men kva er over grensa å legga ut? Og kva bør du finna deg i, sjølv om du er djupt i mot jakta?

– Eg synest det er heilt innanfor å sitta attmed dyret og ta eit bilde med byttet. Men eg slit med dei som set seg tvers over dyret og løftar geviret og set seg sjølv i ein litt hoverande situasjon. Det syns eg er unødvendig, seier Farstad.

Han fortel at det er 150.000 aktive jegerar i Noreg.

– Me skal ikkje gøyma oss vekk; me er stolte av å vera jegerar og fiskarar. Det ligg djupt i oss, dette her. Men me skal ha respekt for at andre kanskje har eit anna syn på det, seier Farstad.

Jegere

NATUROPPLEVINGA: Rett heller fokuset mot naturopplevinga og hausting av naturen, heller enn det hoverande gliset over eit blod byttedyr, er Espen Farstad si oppmoding.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

– Vis respekt for livet du har tatt

– Alle skjønar at du må ta eit liv for å få ein biff, men ikkje alle ønskjer å sjå den realiteten. Det må me ta omsyn til, seier Joar Søhoel.

Han er ivrig jeger og kokk, og driv nett-TV-kanalen Jakt- og Viltmatkanalen. Søhoel har allereie starta haustens reinjakt, og er veldig bevisst på kva han legg ut av bilde.

Joar Søhoel på opptak på fjellet

PÅ JAKT: Joar Søhoel på jakt, denne gongen med eit kamera i staden for eit våpen.

Foto: privat

Kan miste mykje av jakta

Nyleg skaut han eit reinsdyr, men før han tok bilde av den, passa han på at det ikkje var blod på bakken og at dyret var fritt for blod på kroppen og i ansiktet.

– Me tek eit liv. Då må me visa respekt for det livet, seier Joar Søhoel, og held fram:

– Legg du ut bilde for å skryta over å ha teke livet av eit dyr? Eller er det fordi du er stolt over å ha hausta frå naturen og at du har hatt ei god jaktoppleving? spør han retorisk.

Han er oppteken av at det handlar om å hausta av naturen, og er redd jegerar som legg ut trofébilete som ikkje er tekne med respekt for dyret, gjer jegerstanden ei bjørneteneste.

– Om det blir fleire jaktmotstandarar fordi det blir lagt ut fæle bilde, kan me mista mykje av jakta i Noreg.

Den uroa deler også Farstad.

– Me som driv med jakt er avhengige av tillit frå samfunnet. Då stiller det krav til jegerane, at me har respekt for folk rundt oss og for dei dyra me jaktar på.

– Ser ulovlege ting i sosiale medium

Dagleg leiar Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg, fortel at dei årleg får tilsendt bilde jegerar har lagt ut på nett som syner ulovlege ting.

– Kvart år ser me bilde delt i sosiale medium som me synest er ugreitt å dela, men me ser også nokre ting som er ulovlege. Når me ser ulovlege ting melder me det til politiet.

Åshild Roaldset, daglig leder for Dyrebeskyttelsen Norge.

DYREBESKYTTELSEN: Åshild Roaldset er dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg.

Foto: Anne K. Harkestad / Dyrebeskyttelsen Norge

Ho synest det er vanskeleg å seia kva som er greitt å dela og ikkje av jaktbilde.

– Mange reagerer på bilde av daude dyr, men det er jo ikkje ulovleg å dela slike bilde, seier ho, og held fram:

– Men «troféjaktbilete» sender dårlege signal. Om bodskapen i bildet er «Me vinn over naturen», så synest eg det er eit haldningsproblem.