Hopp til innhold

Heleritiltalt: – Pengane var til tipping

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Den hovudtiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre hevdar at pengeoverføringane mellom han og ein av dei andre tiltalt i saka var til tipping og ikkje kjøp av fisk.

Hilde Haugen

Politiadvokat Hilde Haugen frå Møre og Romsdal politidistrikt er aktor i saka mot dei tre mennene som er tiltalt for heleri og tjuveri av fisk.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Tipping og pengebruk er tema på dag 2 av den store helerisaka som no går i Sunnmøre tingrett. Tre menn er tiltalt for heleri av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner, og det er den hovudtiltalte som forklarar seg no.

Der forklarte den tiltalte kva dei store pengeoverføringane mellom han og ein av dei andre tiltalte hadde gått til.

Axel Villads Lange

Axel Lange er forsvararen til mannen som er tiltalt for å ha stole fisken.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Desse pengane blei brukt på tipping der målet var å vinne pengar. Eg overførte pengar til han og han tippa for oss begge, sa den hovudtiltalte då han tysdag forklarte seg om forholdet til ein av dei andre tiltalte.

– Fortalde du min klient kvar pengane kom frå? spurte forsvarar Axel Lange.

– Nei, eg sa aldri kvar pengane kom frå, og fekk heller aldri spørsmål om det.

Den hovudtiltalte forklarte vidare at noko av pengane var gammal gjeld som han skulda den andre tiltalte.

Store kontantuttak

Den 49 år gamle hovudtiltalte blei også spurt ut om dei store kontantuttaka han har hatt dei siste åra. Mannen fortalde at delar av pengane gjekk til å betale for fisken, men at noko av det var forteneste. Her forklarte mannen at han følte han hadde meir kontroll over pengane når han tok dei ut av kontoen.

Omfattande sak

I går starta rettssaka mot dei tre sunnmørsmennene som er tiltalt for heleri og tjuveri av fisk. Det er totalt sett av sju dagar til saka i Sunnmøre tingrett.

Alle dei tre tiltalte nekta straffskuld for heleri og tjuveri av fisk då rettssaka starta i går. Den hovudtiltalte forklarte mellom anna at han trudde fisken han kjøpte var lovleg og hevda fisken ikkje stamma frå Scanprod AS.

Visste ikkje om merking

Den hovudtiltalte mannen er også sikta for brot på matlova, fordi han skal ha omsett mat der det ikkje fins dokumentasjon på korleis dei har framstilt og handtert varene. Men han forklarte i retten at han ikkje var klar over at det var spesifikke krav for handtering og merking av mat. Det forsto han først etter at han blei arrestert og innkalla til eit møte med Mattilsynet.

– I løpet av alle desse åra eg har levert fisk var det aldri nokon som stilte krav til merkinga eller spurte meg om det. Eg var rett og slett ikkje klar over at fisken skulle merkast, sa han.

Tillitsforhold

Også i dag blei den hovudtiltalte spurt ut om leverandøren han hevdar å ha kjøpt fisk frå. Mannen hevdar framleis at fisken kom frå Nord-Norge og at han trudde det var lovleg. Dette forklarte han med det han kalla eit tillitsforhold.

– Det var eit tillitsforhold til den kjenningen som oppretta kontakta mellom meg og leverandøren. Og når alt gjekk bra med kjøp og levering, så fortsette eg, sa mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL