Hopp til innhold

Heleritiltalt: - Trudde han selde lovleg fisk

Den hovudtiltalte i ei omfattande fisketjuverisak på Sunnmøre nekta for å ha seld ulovleg fisk då rettssaka mot han og to andre menn starta i dag.

Sunnmøre tingrett

Det er sett av sju dagar til fisketjuverisaka i Sunnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Mannen i slutten av 40-åra er tiltalt for å ha selt fisk til Aalesund Seafood, trass i at han skal ha vore klar over at fisken var eit utbytte av straffbare handlingar. Dette nektar mannen, som hevdar at han trudde fisken var lovleg.

Saman med to andre sunnmørsmenn er han tiltalt for heleri av nesten 390.000 kilo fisk til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner frå Scanprod AS. I dag fekk den hovudtiltalte forklare seg i rette.

Via ein kjenning

Mannen forklarte at han hadde blitt kontakta av ein kjenning som kom med eit tilbod om vidaresal av fisk. Den tiltalte forklarte at han visste lite om dei som leverte fisken eller kvar fisken kom frå, men at han trudde det var lovleg.

– I starten sa eg ja, dersom alt blei gjort etter boka. Etter dei første handlane kom det ingen faktura og eg burde sjølvsagt ha avslutta det då. Det gjorde eg ikkje på grunn av økonomiske omsyn, forklarte mannen.

– Kom frå Nord-Noreg

I retten sa mannen at han trudde fisken kom frå fiskebåtar eller anlegg. Han forklarte at fisken blei frakta med utanlandske vogntog av utanlandske sjåførar.

Politiadvokat Hilde Haugen

Politiadvokat Hilde Haugen frå Møre og Romsdal politidistrikt er aktor i saka mot dei tre mennene.

Foto: Silej Bjerknes / NRK

– Fisken kom frå ukjende leverandørar i Nord-Noreg. Eg blei kontakta via SMS der det stod ankomst og vekt, forklarte mannen.

Det var ofte kort tid mellom når han blei kontakta og leveransen kom. Fisken henta han som regel på Digerneset eller på Håhjem, før den blei frakta vidare til Aarseth Fisk for kontroll og veging. Fisken var umerka, og mannen beskreiv den som billig. Betalinga skal ha skjedd på etterskot.

– Eg tok ut pengar kontant, som eg betalte ved neste leveranse. Det kunne vere alt frå 10-90.000 kroner. Eg visste heller ikkje kva nettovekta var før etter leveransen, så det er ein av grunnane til at eg betalte på etterskot, sa mannen.

– Hadde du tillit til desse ukjende mennene?, spurte aktor.

– Ja, elles hadde eg aldri gitt dei ein så stor sum med pengar, sa mannen,

Fisken blei så fakturert vidare til Aalesund Seafood. Mannen forklarte at kjøparen spurte kvar fisken kom frå, men aldri om kven som produserte fisken. Han skal likevel ha forsikra Aalesund Seafood om at alt blei gjort lovleg.

49-åringen nekta også for at den tredje mannen, som er tiltalt for grovt heleri, var involvert i kjøp og sal av fisk.

Økonomiske problem

Mannen erkjente derimot straffskuld for nokre av tiltalepunkta mot han. Dette gjaldt tiltalepunkta knytt til unndraging av skatt og at han ikkje hadde ført rekneskap for fleire firma som han var ansvarleg for.

I retten forklarte mannen at han starta ulike føretak opp igjennom åra, men at fleire av dei gjekk konkurs. Ein av desse konkursane skal også ha ført til skattekrav som han hadde problem med å betale.

– Eg vedgår at eg ikkje har betalt moms eller skatt på dei inntektene eg har hatt, spesielt knytt til kjøp og sal av fisk, sa han.

Mannen innrømte også at han har angra på dette i ettertid.