Hopp til innhold

Nekta straffskuld for fisketjuveri

I dag starta rettssaka mot dei tre sunnmørsmennene som er tiltalt for heleri av fisk til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner.

Politiadvokat Hilde Haugen

Politiadvokat Hilde Haugen frå Møre og Romsdal politidistrikt er aktor i saka mot dei tre mennene.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei tre tiltalte erkjente ikkje straffskuld då rettssaka mot dei starta i Sunnmøre tingrett måndag. Dei tre mennene er tiltalt for heleri og tjuveri av nesten 390.000 kilo fisk til ein samla verdi av 11.660.812 kroner.

Ein av dei tiltalte erkjente derimot straffskuld for nokre av tiltalepunkta mot han. Dette gjaldt i hovudsak den delen av tiltalen som omhandla unndraging av skatt og at han hadde latt vere å føre rekneskap for fleire firma som han var ansvarleg for. Han erkjente derimot ikkje straffskuld for dei punkta i tiltalen som omhandla tjuveri av fisk og brot på matlova.

Dei to andre tiltalte erkjente ikkje straffskuld for alle tiltalepunkta mot dei.

Det er sett av sju dagar til saka i Sunnmøre tingrett. Ein av dagane er også sett av til mellom anna åstadssynfaring.

Dei tre tiltalte kan alle risikere ei fengselsstraff på inntil seks år. Det er også fremja eit erstatningskrav mot dei tre.

Omfattande sak

Det var Skatteetaten som starta undersøkingane av det som i ettertid har vist seg å vere ei omfattande straffesak. Det er gjort ein rekke undersøkingar og innsamling av bevismateriale, mellom anna gjennom innhenting av kontoutskrifter, trafikkdata og andre relevante dokument.

Ettersom saka gjeld eit omfattande beslag har politiet også fått bistand frå økokrim under etterforskinga.

Politiadvokat Hilde Haugen frå Møre og Romsdal politidistrikt er aktor i straffesaka mot dei tre. Under rettens første dag blei det lagt fram ein rekke SMS-utvekslingar mellom mannen som er tiltalt for heleri og mannen som er tiltalt for å ha kjøpt den stolne fisken, som dokumentasjon for at det skal ha skjedd eit lovbrot.

Tjuveri over ei lengre tid

Bakgrunnen for saka var at det i perioden desember 2011 til mars 2015 forsvann store mengder fisk frå Scanprod på Valderøya i Giske.

Den eine av dei tre mennene er tiltalt for å ha stole fisken, eller for å ha medverka til tjuveriet, ved å gi andre tilgang til bedrifta. Statsadvokaten tek også høgde for at denne mannen skal ha tilrettelagt eller medverka til denne operasjonen på ein eller anna måte.

Ein annan mann er tiltalt for å ha mottatt til saman 386.024 kilo fisk til ein samla verdi av 11.660.812 kroner, og så selde denne fisken vidare til Aalesund Seafood, trass i at han skal ha vore klar over at fisken var utbytte av straffbare handlingar.

Den tredje personen er tiltalt for å ha mottatt denne fisken, vel vitande om at det var ei straffbar handling som låg bak.

Dei to sistnemnde erkjente som nemnt ikkje straffskuld for desse forholda.

Store pengebeløp

Den første mannen er tiltalt for grovt heleri. Her blir det særleg lagt vekt på den store verdien av utbyttet.

Den andre mannen er tiltalt for både heleri og unndraging av meirverdiavgift. Han var innehavar at eit enkeltmannsføretak, som han skal ha latt vere å registrere i merverdiavgiftsregisteret. Han skal heller ikkje ha sendt inn merverdiavgiftsoppgåver. Dette trass i at han dreiv næringsverksemd med ei brutto omsetning på til saman 10.778.910,- kroner, heiter det i tiltalen.

Mannen er også tiltalt etter bokføringslova, likningslova og matlova.

Dei same lovparagrafane brukast mot den tredje tiltalte, som skal ha mottatt fisken.

Han er tiltalt for å ha gitt uriktige eller ufullstendige opplysningar i oversikter til avgiftsmyndigheitene. Han skal også urettmessig ha ført frådrag for inngåande meirverdiavgift.

Også denne mannen er tiltalt for brot på matlova.