Hopp til innhold

Dronning Sonja opnar senteret på Alnes

I strålande solskin opna Dronning Sonja opplevingssenteret som ligg idyllisk plassert på Alnes i Giske.

Fredag 7. oktober 2016 opna Dronning Sonja opplevingssenteret på Alnes i Giske.

Dronning Sonja opna i dag opplevingssenteret på Alnes.

Under talen sin starta dronning Sonja starta med å gratulere med det nye opplevingssenteret. Der la ho vekt på at ho kjenner området ganske godt.

– Eg har vandra ganske mange gonger i heile sunnmørsregionen. Og for 20 år sidan kom eg ut hit for å vitje kunstnarparet Sidsel Colbjørnsen og Ørnulf Opdahl, sa Dronning Sonja under opningstalen.

Ho kunne fortelje at ho har følgt prosessen frå sidelinja.

– Eg tykkjer at det er så flott at lokalbefolkninga har gått saman om dette, sa dronninga.

Dronning Sonja - Alnes

– Eg kjem attende

Dronning Sonja tykte det var svært flott å få dette bygget som ligg så umerka i landskapet. Ho meinte at det nye bygget står godt saman med det freda fyret.

– Dette er fantastisk. No har eg vore her fleire gonger. Og det er like fascinerande kvar gong. Det er berre å sjå seg rundt, så skjønar ein kvifor ein vert fascinert, sa Dronning Sonja til NRK.

Dronninga har merka seg at publikum strøymer til området i stadig aukande grad.

Då er det viktig å få eit slikt avlastingsbygg. Og tenk å kunne sitje her når det stormar som verst. Eg vonar at de som bur her gjer det, la dronninga til.

– Og du kjem tilbake hit?

Ja, eg kjem attende. Det er heilt sikkert, sa Dronning Sonja.

Det samla seg mykje folk ved senteret. Alle venta på at Dronning Sonja skulle kome og opne senteret.

Dronning Sonja
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Stort å få møte dronninga

Det nye senteret har kosta rundt 23 millionar kroner.

Medan fyret har vore eit landemerke i meir enn 160 år, blir opplevingssenteret eit signalbygg som knapt skal sjåast i terrenget. Delar av bygninga ligg under bakken for å gli mest mogleg inn i den dramatiske naturen.

Det var biletkunstnar Ørnulf Opdahl, sjølv busett på Godøya, som hadde ideen til bygget, som inneheld både kafe, utstilling og galleri.

Les også: Gjemt perle skal frem i lyset

Les også: Dronninga opnar opplevingssenter på Alnes

Bygget er eit spleiselag mellom Giske kommune og fylkeskommune, med bidrag frå Sparebanken Møre.

Dronning Sonja opnar opplevingssenteret på Alnes.