– Vi heldt på til seint i natt for å førebu oss, seier dagleg leiar Anniken Aakvik.
Ho har hatt godt hjelp av mange for å få dei siste bitane på plass før den store opninga av det nye signalbygget, som er plassert mellom fyret og sjøen på Alnes.
Mellom gjestane er fylkesmann Lodve Solholm, fylkesordførar Jon Aasen og visepolitimeister Arnstein Nilsen. Vert er ordførar Harry Valderhaug saman med styreleiar Are Opdahl og arkitekt Kjell Oscar Pettersen.
– Vil vise fram naturen
I dag står senteret ferdig. Her frå byggeperioden.
Foto: Hans-Olav Landsverk– I tillegg til sjølve bygget skal vi vise fram den fine naturen, og så skal vi høyre sang av mellom andre Godøy skule og Taretausene, seier Aakvik.
Alnes fyr- og opplevelsessenter har kosta rundt 23 millionar kroner. Medan fyret har vore eit landemerke i meir enn 160 år, blir opplevingssenteret eit signalbygg som knapt skal vere synleg i terrenget.
Les også:
Økonomisk er senteret eit spleiselag mellom Giske kommune, fylkeskommunen og Sparebanken Møre.
Opdahl hadde ideen
Det var biletkunstnar Ørnulf Opdahl som hadde ideen til senteret. Han bur sjølv på Godøya og har i fleire år hatt eit nært forhold til fyret. Aakvik seier senteret har blitt eit fleirbrukshus dei håper å få stor glede av.
Ørnulf Opdahl kom med ideen til opplevingssenteret.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Vi gler oss til å vise fram både utstillinga frå Kystverket og galleriet med verk av Ørnulf Opdahl og Sidsel Colbiørnsen, seier ho.
Senteret rommar også ein kafe og eit auditorium for kurs og konferansar.
No må alt vere klart til opninga, som altså blir gjort av dronninga. Aakvik vil ikkje røpe akkurat korleis det skal skje.
– Om det er snorklipping eller ikkje, er førebels hemmeleg, men noko skal dronninga gjere!