Hopp til innhold

Her er alle 17-åringar sikra sommarjobb

Kristine Holte har sommarjobb i heimetenesta. Ho er ein av 60 andre syttenåringar som har fått jobb i Surnadal kommune.

Kristine Holte

Kristine Holte (17) trivast godt i sin fyrste jobb innan helsevesenet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Den unge jenta har berre gått fyrste året på vidaregåande, men er allereie aktiv i arbeidslivet. På omsorgsbustaden i Surnadal lagar Holte mat, vaskar, handlar og hjelp til med andre kvardagslege ting for brukarane.

– Eg trivast veldig godt her og det er ei god erfaring og ta med seg vidare, seier ho. I dag er Kristine ute i hagen saman med dei eldre på bustaden.

Vinn-vinn situasjon

I 10 år har Surnadal kommune hatt prosjektet "Sommarjobb for ungdom". I år har alle som er fødd i 1999 og som har søkt , fått tildelt ei veke sommarjobb i kommunen.

Knut Haugen Surnadal

Rådmann i Surnadal, Knut Haugen er oppteken av å gje ungdommen i kommunen ein god start på arbeidslivet.

Foto: Surnadal Kommune

– Dette er ein vinn-vinn situasjon. Ungdommane er ein stor arbeidsressurs for oss i tillegg til at dei får jobberfaring og ein god start på arbeidslivet, seier rådmann i Surnadal, Knut Haugen.

I år har 60 av 100 ungdom søkt og fått jobb. Syttenåringane får betalt arbeid, men fungerer som ein ekstraressurs i tillegg til andre som har sommarvikariat.

Gjer kommunen dette for å få ungdom til å ville bli i Surnadal etter vidaregåande?

– Nei, men vi ynskjer å gje ungdommane ein forsmak av arbeidslivet og eit inntrykk av Surnadal som ein god stad å arbeide og bu i. Det er alltid positivt om ein kan rekruttere folk til å søke sommarjobb eller fast jobb i kommunen seinare i livet, seier rådmannen.

Mange jobbmoglegheiter

Ingebrigt Løfaldli(17) har sommerjobb i barnehage

Ingebrigt Løfaldli (17) har sommerjobb i barnehage.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Jobben på omsorgsbustaden er Kristine Holte sin fyrste jobb innanfor helsesektoren.

Er det å få jobb med på å knytte ungdom til kommunen?

– Ja det kan det gjere. Det er veldig mange ulike jobbar ein kan velje mellom i kommunen, så ein har gode moglegheiter til å lære nye ting innanfor kommunens ansvarsområde, seier Holte.

Kommunen betaler løna og ungdommane kan velje mellom mange ulike jobbar innan barnehage, vedlikehald, omsorg eller fotballskulen Surnadal IL, blant anna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL