Hopp til innhold

Ber om Helseplattformen-reknestykke

Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug bed helseminister Ingvild Kjerkol om å legge fram eit detaljert reknestykke for eventuelle meirkostnader om Helse Møre og Romsdal utset innføringa av Helseplattforma.

Ho bed eit fullstendig oversyn over brutto- og nettoutgifter, der både økonomiske fordelar og ulemper blir tekne med.

Listhaug viser til rapporten frå Oslo Economics, der Helse Midt-Noreg får kritikk for å ikkje dokumentere godt nok påstanden om at ei utsetjing av innføringa kan kome til å koste 600 millionar kroner ekstra.

I eit tilsvar til innhaldet i rapporten har direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg auka dette estimatet til opp under ein milliard kroner.

Stortingsrepresentant skriv i sitt spørsmål til helseministeren at tilliten til leiinga og styret i Helse Midt-Noreg er tynnslite, og at ho vonar helseministeren ser det som viktig å få fram grundig informasjon.

Sylvi Listhaug.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB