Hopp til innhold

Helseministeren til Kristiansund

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol kjem til Kristiansund 25. august. Det skjer etter at leiinga for fødeavdelingane i Kristiansund og Molde gjekk av tidlegare denne veka på grunn av utfordringane med fødeavdelinga i Kristiansund.

Fødeavdelinga i Kristiansund er den einaste i landet som har eit stortingsvedtak på seg, som seier den skal halde opent. Men på grunn av bemanningsproblem har avdelinga vore stengt fleire gonger.

I Kristiansund skal Kjerkol møte sjukehusleiinga, tillitsvalde og representantar frå Helse Midt-Norge. Kjerkol vil også invitere alle ordførarane i Nordmøre og Romsdal til eit møte same dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL