Hopp til innhold

– Alle steinar blir snudd før vi gjer endeleg vedtak

Både fødeavdelingar, sengepostar og psykiatri blir diskutert når Helse Møre og Romsdal skal kutte i drifta. NRK har fått tilgang på dokument som viser diskusjonar kring svært kontroversielle tiltak. Blant anna blei fødeavdelinga i Volda sett i spel i desember.

Sjukehusdirektøren vurderer å legge ned alderspykiatrisk

Administrerande direktør Espen Remme framfor alderspsykiatrisk sengepost på Hjelset i Molde. Denne sengeposten er, eller har vore, med i vurderingane av kva tiltak som skal setjast i verk.

Foto: Ann Eli Nøsen

Helse Møre og Romsdal skal redusere kostnader som tilsvarar 200 årsverk. Det endelege vedtaket blir gjort 24. januar. Siste veke blei det kjent at ein sengepost på Distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt kan bli lagt ned. I går melde NRK Møre og Romsdal at det blir endringar i sengepostar og at fødeavdelingane i Molde og Kristiansund kan bli slått saman.

– Det går føre seg prosessar på alle klinikkane, avdelinganr og seksjonar. Vi har ei brei involvering der vi jobbar med aktuelle område, seier Espen Remme.

Denne veka er det møte med dei tillitsvalde. I neste veke er det møte med i klinikkråda og samarbeidsråda. Det blir også møte med kommunane og spareplanen skal takast opp i møte med representantar for brukarorganisasjonane.

Torsdag får institusjonar som Aure og Mork rehabiliteringssenter informasjon om korleis dei kjem gjennom prosessen. Også dei som er knytt til sengepostar, som revmatologisk sengepost i Ålesund, skal få informasjon torsdag, etter det NRK kjenner til.

– Det er generelt mykje møteverksemd no, og mange forslag som det blir rekna på. Nokre forslag blir tekne med vidare og andre blir parkert. Prosessen er framleis i gang. Vi har ikkje konkludert enno, men held på heilt fram mot styremøtet, seier Remme.

Volda sjukehus

Fødeavdelinga ved Volda sjukehus var med i diskusjonane på møte 18. desember. Samanslåing med Ålesund ser ut til å ha blitt parkert.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Diskuterte fødeavdelinga i Volda

NRK Møre og Romsdal har fått tilgang på fleire dokument frå den intense spareprosessen som har gått føre seg i desember og gjennom jula. Prosessen er ikkje over, og det knyter seg framleis spenning til kva forslag som overlever fram til dei endelege forslaga skal presenterast for styret den 24. januar.

Og det sluttar ikkje der: Under styremøtet står styrerepresentantane fritt til å kome med nye forslag.

Eit referat frå eit møte den 12. desember viser at ei samanslåing av fødeavdelingane i Volda og Ålesund var eit sentralt punkt. Etter det NRK Møre og Romsdal kjenner til blei dette forslaget ikkje presentert for dei tillitsvalde tysdag.

Dette er lista over tiltak som blei diskutert den 12. desember:

  • Kristiansund og Molde – endring ortopedi og føde
  • Bemanning intensivavdelingar
  • Samanslåing av fødetilbodet i Volda og Ålesund
  • Spesialisert rehabilitering inklusiv kjøp av tenester av eksterne
  • Stenging av ein sengepost i både Ålesund og Molde inklusive sengepostorganisering i Volda og Kristiansund
  • Redusere DPS Sjøholt
  • Legge ned alderspsykiatrisk sengepost Hjelset
  • Status frå drift og eigedom, stab
Jørund Knardal

Jørund Knardal i sjukehusaksjonen i Volda seier det ville vere i strid med nasjonal sjukehusplan å slå saman fødeavdelingane i Volda og Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg forstår godt at forslaget om å slå saman fødeavdelingane i Volda og Ålesund blei parkert tidleg. Eit slikt forslag ville ikkje vere i tråd med den nasjonale sjukehusplanen. Så eg kan ikkje forstå at dette kunne kome opp som eit forslag ein gong, seier Jørund Knardal i sjukehusaksjonen i Volda.

Revmatisk sengepost i Ålesund

I denne lista står det omtalt éin sengepost i Ålesund. NRK Møre og Romsdal kjenner til at det er sett ned ei gruppe som skal vurdere følgjene av å fjerne fire senger som er knytt til revmatologisk avdeling. Det skal leverast ein risikoanalyse innan 1. februar.

I mandatet til gruppa heiter det at «det er få sjukehus som fortsatt har et tilbud til reumatiske pasienter på sengepost, da det meste av behandling er overført til dag/poliklinikk».

Den offisielle lista

Onsdag la Helse Møre og Romsdal sjølv ut ei liste over tiltaksområda som er auktuelle. Føretaket gjer merksam på at lista ikkje er fullstendig.

  • Meirtid. Reduksjon av faste årsverk (administrasjon, klinikkar), bemanningsfaktor, overtid, utvida tenste/arbeidstid.
  • Sengepostorganisering: Sengepost, intensiv, dagkirurgi
  • Rehabilitering
  • Psykisk helse og rus
  • Organisering av fødetilbodet
  • Outsourcing av ikkje-pasientnære tenester
  • Operasjonflyt
  • Prehospitale tenester.

Dette er ei førebels tiltaksliste som dei tillitsvalde har fått innblikk i, ifølgje Helse Møre og Romsdal.

Mental innstilling

Helse Møre og Romsdal har engasjert konsulentselskapet Deloitte for å hjelpe til med omstillingsarbeidet.

– Jeg har inntrykk av at dere er mentalt innstilt på at vi skal få dette til. Det er en forutsetning for at vi skal lykkes, skriv Ulrich Spreng frå Deloitte i referatet frå den 18. desember.

Etter det NRK Møre og Romsdal kjenner til har Deloitte delteke på tre møte, og har hjelpt til med styringa av prosessen og med analysearbeid. Innsatsen til selskapet blir karakterisert som «talknusing».

Ulrich Spreng i Deloitte ønskjer ikkje å kommentere selskapet si deltaking i spareprosessen i Helse Møre og Romsdal.

– Vonar vi lukkast

Helse Møre og Romsdal har levert store minustal i rekneskapa sine år etter år. Det var på styremøtet i Kristiansund 4. desember 2018 at styret sette ned foten å kravde strakstiltak for å gjenopprette ein berekraftig økonomi.

– Mange helseføretak har fått dette til i større og mindre grad. Eg håper både tilsette, brukarar og politikarar ser at vi arbeider for langsiktig berekraft i tenestetilbodet. Og det er ei utfordring å skape denne felles forståinga, seier Remme.

Dette er stadfesta

Tysdag blei det kjent kva område som ligg fremst i løypa for å hamne på kuttlista som styret i Helse Møre og Romsdal skal ta stilling til. Dette er den stadfesta lista så langt:

  • Sengeposttilbodet i Ålesund og Molde skal vurderast
  • Det kjem forslag om samanslåing av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund
  • Sengeposten ved Distriktspsykiatrisk avdeling på Sjøholt skal vurderast
  • Tenester skal setjast vekk til andre. Dette skal i første rekkje gjelde kafé og vask.