Listhaug reagerer på at psykiatrisk senter i heimbygda kan bli lagt ned

Helseføretaket må kutte 200 årsverk. Det vil gå utover mellom anna Sjøholt psykiatriske klinikk. – Eg er svært bekymra, seier Sylvi Listhaug (Frp).

Sylvi Listhaug

REAGERER: Sylvi Listhaug har kasta seg inn i kampen for det nedleggingstrua psykiatriske senteret i heimbygda Sjøholt på Sunnmøre. Ho fryktar ei nedlegging vil råke dei som har det vanskelegast frå før.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Ho er sjølv frå sunnmørsbygda som har ein klinikk med 30 tilsette og 12 sengeplassar.

– Denne saka har berre éin tapar, nemleg pasientane, seier Listhaug til NRK

Den fungerande nestleiaren i Framstegspartiet seier at psykiatri er eit område som skal prioriterast og som har vore prioritert gjennom fleire år.

Sjøholt psykiatriske klinikk

Den psykiatriske klinikken på Sjøholt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Skjer det som no ligg på bordet fryktar eg eit dårlegare tilbod for dei som sit lengst nede ved bordet. Så eg håper at ein snur, utdjupar Listhaug.

Og dei som eventuelt må snu er Helse Møre og Romsdal. Men dei har ei vanskeleg oppgåve framfor seg. Dei skal nemleg bygge eit heilt nytt sjukehus utanfor Molde, samtidig som dei må kutte 200 årsverk.

Pasientane varslar kamp

Det første kjende kuttforslaget er å fjerne 38 årsverk innan psykiatri, noko som i praksis betyr at klinikken på Sjøholt ryk.

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det får fleire enn Sylvi Listhaug til å reagere. Både klinikkverneombod Janne Osvik og pasient Anne-Lise Mikkelsen Tellnes åtvarar mot konsekvensane.

– Alle nasjonale føringar tilseier jo at det skal satsast på psykiatri. Dessutan er det sagt at dei distriktspsykiatriske sentera skal vekse, seier Osvik.

– Berre i helga har 90 personar tatt kontakt med meg. Dette blir ikkje akseptert utan kamp, varslar Tellnes.

Psykologforeininga i Helse Møre og Romsdal deler bekymringa.

– Leiinga må ta grep, er beskjeden frå føretakstillitsvalt Siri Næs i eit innlegg i Dagens Medisin.

– Vil ha berekraftig tilbod

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, seier at ingenting er bestemt så langt. Og uansett kva som skjer med Sjøholt psykiatriske klinikk så skal helseføretaket sikre spesialisthelsetenester til at alle pasientar som har behov.

Espen Remme

Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi har ei bestilling frå styret om å ta ned kostnader som svarar til 200 årsverk. Psykiatri er berre eitt av mange område vi jobbar innan for å etterkome styret si bestilling, seier Remme.

Han legg ikkje skjul på at situasjonen er utfordrande.

– Men eg håper både tilsette, brukarar og politikarar ser at vi gjer dette for å ha eit langsiktig berekraftig tenestetilbod i Helse Møre og Romsdal, seier administrerande direktøren.

Skal møte Høie

Sylvi Listhaug meiner på si side at pasientane må skjermast i ein slik kuttrunde.

Ho vil heller at det blir kutta i byråkratiet i helseføretaket.

– Det er ingen tvil om at behovet innan psykiatri og rus er stort. Og legg vi ned sengepostar gjer vi ikkje anna enn å skubbe utfordringa over på kommunane, meiner stortingspolitikaren frå Møre og Romsdal.

Ho lovar å ta opp situasjonen i heimfylket med helseminister Bent Høie (H) omgåande.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug fotografert heime på Sjøholt i Ørskog kommune på Sunnmøre sommaren 2017.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK