Hopp til innhold

Nær 500 legar har signert bekymringsbrev om Helseplattforma

Legar i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag er bekymra for pasienttryggleiken. Dei ber styret vurdere om det nye journalsystemet bør utrullast på sjukehusa.

Igor Jokic, foretakstillitsvalgt for overlegene i Helse Møre og Romsdal

KRITISK: Tillitsvald for overlegane i Helse Møre og Romsdal, Igor Jokic ber styret vurdere om det er riktig å halde fram innføringa av Helseplattformen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det har vore store problem etter at journalsystemet Helseplattformen blei innført ved St. Olavs i Trondheim i fjor. Pasientar har fått forseinka diagnose, brev har ikkje komme fram og det har ikkje gått an å henvise pasientar til andre sjukehus.

Helsetilsynet har avdekt at pasienttryggleiken er trua.

Legar er bekymra

No har nær 500 legar ved sjukehus i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag sendt bekymringsmelding til regionale helseføretaket.

Dei ber styret vurdere om det er riktig å halde fram innføringa av Helseplattformen ved dei andre sjukehusai Helse Midt, som er mykje mindre enn St. Olavs.

«Dei mindre sjukehusa i regionen har verken økonomiske ressursar eller bufferkapasitet på personell til å gjere liknande grep som St Olav for å kompensere for manglane i journalsystemet.» står det i brevet.

Les også Helsetilsynet: Helseplattformen kan true pasientsikkerheten ved St. Olavs hospital

Oversiktsbilde over St. Olavs hospital.

Fryktar meir venting

Ved St. Olavs har ein auka bemanninga og til tider køyrt doble skift for å ta unna pasientane.

– Vi har jo små vaktlag og færre tilsette per avdeling. Vi veit jo at St. Olavs har måtte oppbemanne ganske kraftig. Vi vil ikkje kunne ha tilsvarande bemanning, seier tillitsvald for overlegane i Helse Møre og Romsdal, Igor Jokic.

Han og kollegaene fryktar at det kjem til å bli auka ventelister for pasientane fordi det nye journalsystemet er så krevjande å ta i bruk for den enkelte helsetilsette.

– Vi kjem til å trenge lang opplæring. Det blir like ille for alle sjukehusa, seier Jokic.

I brevet skriv legane at dei stiller seg tvilande til at sjukehusa vil vere i stand til å vareta pasienttryggleiken i same grad som St Olav dersom journalsystemet ikkje blir effektivt.

Mange vil slutte

Ein fjerdedel av legane ved St. Olavs hospital vurderer andre jobbar på grunn av Helseplattformen, kjem det fram i ei spørreudersøking.

Sjukehusa i distrikta har hatt problem med å få tak i fagfolk og no er dei redde for at Helseplattformen skal gjere det verre.

Legane krev at Helseplattformen ikkje blir innført før systemet er så bra som det går an.

– Vi forstår at dagens system må bytast, men då har det viktig at vi får gode system som vi kan stole på og som gjer at arbeidskvardagen vår blir lettare og vi får behandla fleire pasientar, seier Jokic.

Les også 70 leger er på jobbjakt: – Har en følelse av at ting ikke blir bedre

St. Olavs Hospital i Trondheim ved vinterstid.

Ønsker ikkje kommentere

Kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Norge, Tor Harald Haukås, seier at dei har notert seg brevet, og at dei skal legge det fram for styret neste veke. Han ønsker ikkje å kommentere saka utover det.

Utrullinga av systemet ved sjukehusa i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal er utsett til i november og april neste år for å få tid til å utbetre feila.

16. mai blir det ekstraordinært styremøte i Helse Midt der dei skal ta stilling om dei skal endre planane for innføringa av Helseplattformen ved sjukehusa i regionen.