Hopp til innhold

Helse Midt-Norge: Skal endre rutinar etter høyringskritikk

Rutinane skal endrast etter at Helse Midt-Norge måtte tole skarp kritikk for handteringa av prosessen rundt sjukehussaka. Styreleiar Ola H. Strand seier dei no må gå igjennom kritikken frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Ola H. Strand

Ola H. Strand er styreleiar i Helse Midt-Norge.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Bent Høie

Komiteen meiner helseminister Bent Høie ikkje har brote lova i samband med valet av tomt for nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Komiteen har behandla helseminister Bent Høie si handtering av sjukehusstriden i Møre og Romsdal. I tillegg til kritikken som blir retta mot statsråden, får altså styret i Helse Midt-Norge kritikk.

Les hele rapporten fra Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite her.

Sterkast er kritikken mot praksisen der styret sine medlemmar har møttest i lukka møter, trass i at lova seier at styremøte skal vere opne. Strand seier dei no må gjere endringar.

– Eg har lagt til grunn at vi har gjort dette innanfor rammene av lova. Men på bakgrunn av kritikken er det naturleg å sjå på praksisen vår, slik at vi jobbar i tråd med intensjonen i lova i framtida.

Skal vere tydelegare

Også kommunikasjonen mellom Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal har vore tema for komiteen. Mellom anna har komiteen stilt spørsmål rundt i kva grad det har vore sendt instruksar nedover i systemet. Også her vil Strand ha ein gjennomgang av rutinane.

– Vi ser at det også er retta kritikk mot måten vi har kommunisert mellom helseføretaka, så her er det behov for å gå igjennom samhandlinga oss i mellom og korleis vi skal utøve av eigarstyring.

– Det blir også påpeikt kritikkverdige forhold rundt handteringa av avgangen til tidlegare direktør Trond Michael Andersen, kva er din kommentar til det?

– Det var før mi tid som styreleiar, så det har eg ingen kommentar til.

Skal sjå på endringar med ein gong

Strand seier styret skal gå igjennom rapporten i neste møte og at alle føretaka i regionen skal ha ein felles gjennomgang.

– Det som er viktig for oss er å sikre at vi får lik praksis i heile organisasjonen, seier Strand.

– Råkar denne kritikken deg og styret?

– Det er jo forhold her som vi må vurdere, men vi har altså etter beste evne prøvd å halde oss innanfor dei rammene som lova set.

Han er ikkje overraska over kritikken.

– Det meste av dette har jo vore kjent sidan høyringa, så det var vel ikkje heilt uventa at det ville vere kritikk på desse punkta.