Hopp til innhold

Hastar: Fasaden må pussast opp for millionar

Det er oppdaga ein alvorleg konstruksjonsfeil på fasaden på Ålesund sjukehus – og fasaden må utbetrast for 250 millionar kroner. I tillegg må straumforsyninga til sjukehuset oppgraderast for 35 millionar.

Ålesund sjukehus

Vatn kjem inn gjennom fasadekledningen på Ålesund sjukehus. Treverket blei festa rett i betongen noko som fører til roteskadar.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Styret i Helse Møre og Romsdal blir orienterte om prosjektet på styremøte denne veka. Arbeidet skal gå føre seg medan det er full drift i sjukehuset og må setjast i gang om kort tid, seier administrerande direktør Espen Remme.

Espen Remme

Espen Remme er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Kristin Støylen / Helse Møre og Romsdal

Det hastar med å få utbetra det som er mest akutt. Det gjeld fasaden på hovudblokka i Ålesund. Det blir eit omfattande arbeid. Vi må skifte fasaden, inklusive vindauga, seier administrerande direktør Espen Remme.

– Konstruksjonsfeil

Ålesund sjukehus blei opna i 1971 og er altså 46 år gamalt. Fasadekledning og rote treverk er fjerna frå fasaden i fleire omgangar, sist i mars i fjor. Det er oppdaga lekkasjar. Årsaka skal ikkje først og fremst vere dårleg vedlikehald. Det er rett og slett ein konstruksjonsfeil som blei gjort på syttitalet som har ført til ròteskadane ein ser i dag.

Prosjektet som blir sett i verk no er kostnadsrekna til 250 millionar kroner for fasaden og 35 millionar kroner for å sikre straumforsyninga. Då er den tekniske oppgraderinga, med ventilasjonsanlegg og brannsikring inne i sjukehuset halden utanfor.

– Konstruksjonsfeilen skriv seg frå tida då sjukehuset blei bygt. Og vi har jobba over tid med å kartleggje omfanget og konsekvensane av dette. Det viser seg at vi må gjere eit arbeid som kostar 250 millionar kroner for å utbetre fasaden, seier Espen Remme.

Straumforsyning

Sjukehuset har heller ikkje sikker straumforsyning. I dag er strauminntaket på 230 volt, og moderne teknisk utstyr på sjukehuset krev 400 volt. Dette arbeidet kjem til å koste 35 millionar kroner.

Mesteparten av arbeidet blir utvendig arbeid, og store deler av arbeidet skal kunne gjerast utan at drifta vert påverka. Men i nokre tilfelle må deler av verksemda flyttast til område ved sjukehuset som i dag står unytta.

No blir styret i Helse Møre og Romsdal orientert om prosjektet.

– Dette er også eit stort økonomisk løft, og vi må sjå på korleis vi skal finansiere dette. Vi må ta vare på bygga våre. Då må sånt som dette gjerast, seier Espen Remme til NRK.