Hopp til innhold

– Har funne ein kandidat til å ta over etter Eidsvik

– Dersom styret seier ja til kandidaten, håper eg at vi kan presentere vedkomande som ny konstituert direktør måndag, seier Stein Kinserdal. Han er styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Stein Kinserdal

Styreleiar Stein Kinserdal har brukt helga til å finne ein ny konstituert direktør for Helse Møre og Romsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Torsdag gjekk sjukehusdirektør Astrid Eidsvik av på dagen, heilt uventa. Ho meinte at ho vart overkøyrd av Helse Midt i arbeidet med sjukehusvalet og at ho ikkje fekk sjansen til å sluttføre arbeidet. Etter planen skulle ho kome med innstillinga si 10. desember. I staden vart helseføretaket ståande utan direktør heilt i innspurten av ein årelang prosess. Styreleiar Stein Kinserdal har brukt helga for å få på plass ein ny konstituert direktør.

– Heilt konkret har eg vore i kontakt med ein kandidat, men eg har hatt fleire på blokka som eg har sjekka ut via andre kanalar. Eg reknar med at vi kan presentere kandidaten måndag dersom styret er samd, seier Kinserdal.

LES OGSÅ:

jobb

Styreleiaren vil ikkje seie noko om kven vedkomande er, eller om det er ein person frå Møre og Romsdal. Han innrømmer at kandidaten får ein krevjande jobb. Det har vore mykje bråk i sjukehussaka dei siste dagane, der fleire krev at saka må utsettast. Fleire tillitsvalde meiner at Astrid Eidsvik må kome tilbake og sluttføre jobben og at direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga må gå.

– Den nye konstituerte direktøren skal ikkje legge fram eit forslag til vedtak i tomtevalsaka. Det tar styret ansvar for. Det er umogleg å kome inn ein dag eller to før og gjere seg opp sterke meiningar, seier Kinserdal. Styresaka vert offentleggjort 10. desember, utan innstilling.

På plass denne veka

Han meiner ei viktig oppgåve for direktøren er å bidra til å skape ro og oppslutning om vedtaket. Ein må heller ikkje gløyme at sjukehuset skal driftast og tusenvis av pasientar skal behandlast, understrekar styreleiaren.

Kor fort kan vedkomande vere på plass?

– Intensjonen er at han er på plass i løpet av veka og at han er i full jobb rett over nyttår, seier Kinserdal. Assisterande direktør Helge Ristesund fungerer no som konstituert direktør og skal gjere det i overgangsfasen.

Tomtevalet skal gjerast

17. desember skal styret i Helse Møre og Romsdal gjere eit vedtak om kvar dei meiner sjukehuset bør ligge. Dagen etterpå skal styret i Helse Midt-Noreg gjere sitt vedtak.

– Vi har ikkje noko pålegg frå Helse Midt om å fatte eit bestemt vedtak. Helse Møre og Romsdal har høve til å gjere eit anna vedtak enn det Helse Midt innstiller på. Helse Midt må avgjere kor mykje dei vil vektlegge vedtaket, seier Kinserdal.

Han meiner det er viktig å få gjort eit vedtak og ikkje utsetje saka.

Helse Møre og Romsdal skal etter planen kome med ei oppdatering i saka måndag ettermiddag, og dersom styret godkjenner den nye kandidaten, vert namnet offentleggjort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL