Har du sett ein slik fisk før?

Overraskinga var stor då Gunnar Longva drog opp ein sjeldan St. Petersfisk med garnet sitt i Borgundfjorden.

St. Petersfisk

St. Petersfisken vart fiska opp frå rundt 60 meters djupne i Borgundfjorden på Sunnmøre.

Foto: Gunnar Longva

– Eg har fått mykje anna rart i garnet, men aldri noko slikt, fortel hobbyfiskaren som drog opp den sjeldne fisken like før helga.

Vart nysgjerrig

Longva har nesten 25 års erfaring med fiske, så derfor vart han særs overraska og nyfiken over kva han hadde dratt opp frå Borgundfjorden.

– Det var ein spesiell fisk. Eg vart veldig nysgjerrig og måtte på nettet då eg kom heim for å finne ut kva for art det var, seier han. – Det er jo det som er litt av spenninga med å fiske – ein veit aldri kva ein får, legg han til.

Eit vanlegare syn

Jan Einarsen

Akvarist Jan Einarsen trur St. Petersfisken vil bli eit vanlegare syn i fiskegarna på vestkysten av Noreg.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Akvarist og fiskeekspert Jan Einarsen seier stadig fleire vil få oppleve å få den sjeldne fiskearten i garnet.

Tidlegare fekk han melding om ein slik fisk om lag annakvart år. No er det fleire som melder ifrå om fangsten av ein St. Petersfisk både på kastesluk-stong og i garnet.

– Det har blitt oftare og oftare dei seinare åra, seier han om fisken som opphavleg kjem frå varmare strøk som Middelhavet og Det indiske hav.

Skjør fiskeart

Einarsen seier det kan vere fleire årsaker til at St. Petersfisken har teke turen til vestkysten av Noreg. Det kan blant anna ha blitt varmare i vatnet eller det kan vere at fisken rett og slett har lagt seg til nokre nye vanar.

– Fisken er dårleg til å symje, så det kan jo vere at han har drive nordover med ulike havstraumar. St. Petersfisken er eigentleg ein litt skjør fiskeart, men det ser ut til at han klarer seg gjennom vinteren ved å halde seg i fjordane våre, seier han.

Ønskjer St. Petersfisken velkomen

Sjølv om fisken er kjend for å vere ei delikatesse, oppmodar Einarsen om at folk heller sender fisken til Atlanterhavsparken om dei får han i garnet og er i god form.

– Sjølv om det er ein velsmakande fisk, så er det nok best om ein set han ut att eller let akvariet i Ålesund ta vare på han, seier Einarsen om den sjeldne arten.

– Er det er rett at han skal vere her i dei norske fjordane?

– Ja jøss. Alt skal ikkje vere som i går. Livet i verda og i havet er stadig i endring og slik skal det vere, avsluttar han.