Hopp til innhold

Sjeldan fisk

Dei gjorde store auge, far og son Svastuen på Åheim, då dei såg kva dei hadde fått i garnet.

Håvard Svastuen med sølvkveita
Foto: Jon-Arve Kjøde / NRK

Håvard Svastuen på Åheim med sølvkveita
Foto: Jon-Arve Kjøde / NRK

Freddy Svastuen på Åheim hadde med seg sonen Håvard på 11 år ein dag han skulle ut og dra fiskegarna. Han hadde sett dei i Kjødepollen, inst i Vanylvsfjorden. Men fangsten dei fekk denne dagen, var ein fisk ingen av dei hadde sett før.

Sølvkveite

Det var ei sølvkveite, ei skikkeleg stor ei. Ho var heile 1,48 cm lang. Akvarist Jan Einarsen i Naturtelefonen fortel at vi veit veldig lite om sølvkveita. Den blir ikkje fiska på, og derfor heller ikkje forska på.

Ho er ein djupvassfisk, som ein sjeldan gong kjem opp til overflata. Då er ho oftast i svært dårleg form. Truleg er dei sølvkveitene folk ein sjeldan gong opplever å fange, sjuke eller i vanskar på eitt eller anna vis.

Sprit

Læraren til Håvard, Jon-Arve Kjøde, tok over sølvkveita då far og son kom i land med den. Han har lagt den i sprit, for å bevare den for ettertida.