Før helga gjekk dagleg leiar Tor Erik Standal ut i Sunnmørsposten og varsla full krise. Utan hjelp, kunne dei bli nøydd til å måtte avlive dyra og legge ned parken for godt.
– Vi kan ikkje halde på slik særleg mykje lenger, det er ikkje forsvarleg av omsyn til dyrevelferd, sa Standal til avisa då.
Driftssjef Rune Veiseth derfor er svært rørt over all støtta dei har fått.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKParken, som er det største saltvassakvariet i Noreg, pussa opp anlegget før sesongen. Rett før dei skulle opne og tene pengar igjen, måtte dei stenge på grunn av koronaviruset.
No ser situasjonen langt lysare ut. To innsamlingsaksjonar blei starta, og i løpet av helga har folk støtta parken med over 550.000 kroner gjennom to aksjonar gjennom Spleis. I tillegg har fôrleverandørar sponsa dei med fleire tonn mat.
– Det er heilt fantastisk. Det er utruleg kva som bur i folk, og vi er evig takksam for dei initiativa, seier driftssjef Rune Veiseth til NRK.
Han slår fast at spleis-pengane blir øyremerkt dyra, og vil gå til fôr eller installasjonar som gjer forholda betre.
Atlanterhavsparken i Ålesund har 140.000 besøkande årleg. Dei har tusenvis av fisk, pingvinar, sel, oter og andre maritime dyr.
Foto: Lena Høyberg / NRKInvestor i USA donerer éin million
Den norsk-amerikanske investoren Reidar Tryggestad i Boston har late seg inspirere av dugnadsånda, og donerer éin million kroner til akvariet. Det stadfestar hans mangeårige rådgjevar Jon Ketil Gjørtz til smp.no og NRK søndag kveld.
89 år gamle Reidar Tryggestad har alltid vore glad i Atlanterhavsparken. Han var ein av dei som var med på å finansiere utbygginga av parken. Han utfordrar også næringslivet på Sunnmøre til å bidra.
Fell utanom støtteordningar
Atlanterhavsparken er organisert som ei stifting, og dei meiner derfor at dei har hamna utanfor regjeringas krisepakker.
Veiseth er no langt meir optimistisk til utsiktene etter samtalar dei har hatt med politikarar i helga.
– Politikarane har vakna. Telefonen til dagleg leiar har ikkje stått stille i helga, så vi har kjempestor tru på at dette kan gå vegen, seier Veiseth.
– Barnebarna mine elskar å springe rundt
Merethe Haugen starta ein av innsamlingsaksjonane. Ho er glad i å besøke Atlanterhavsparken, og har gjerne med seg barnebarna.
Merethe Haugen starta spleis-aksjon for å skaffe pengar til Atlanterhavsparken.
Foto: Sissel Brunstad / NRK– Eg så at dei kanskje måtte slakte dyra. Då fekk eg ein spontanreaksjon om at eg måtte sette i gang ein spleis, seier Haugen.
Ho sette først eit mål om 30.000, som ho då syntest var ambisiøst. Etter to dagar har 500.000 kome inn, langt meir enn ho torde å håpe på.
– Plassen er viktig for heile området, for små og store. Barnebarna mine elskar å springe rundt her og sjå på selane og pingvinane. Her får vi sjå kva vi har utanfor stovedøra vår, seier Haugen.
Atlanterhavsparken er eit av Nordens største saltvassakvarium, og blei opna i 1998.
Foto: Remi Sagen / NRKVeit ikkje når parken vil opne
Mens Akvariet i Bergen opna på fredag, vil Atlanterhavsparken vente på nye rettingsliner på torsdag. Dei har enno ikkje alt av smitteverntiltak på plass.
– Det er heilt i det blå. Vi opnar ikkje i desperasjon for å tene pengar, og må vere trygge på at det er trygt å kome hit. Både for gjester, tilsette og dyr, seier Veiseth.