– Håpet no er ei kald natt som stabiliserer snøen. Då meiner ein det kan vere trygt å arbeide ei stund utover formiddagen i morgon, seier lensmann i Sunndal kommune, Hallvard Vermøy til NRK.
Dårleg vêr og stor skredfare gjer nemleg vidare søk tysdag umogleg. Verken bakkemannskap eller helikopter kan ta seg inn i området.
Det har gått langt over eitt døgn sidan fire unge menn blei meldt sakna.
– Skal ein vere realistisk så er håpet om å finne nokon mikroskopisk, om ikkje bortimot null. For no har det gått så lang tid og det var visstnok eit stort ras, fortel Vermøy.
Planen no bli rå flyge den alpine redningsgruppa inn i rasområdet – dersom vêret er godt nok grytidleg onsdag morgon.
Saka held fram under bildet.
Vêret umogleggjer aksjon
– Redningsaksjonen har blitt innstilt for dagen på grunn av den ekstreme skredfaren i området og dei generelle vêrforholda, sa Arnfinn Fuglevåg til NRK seint tysdag ettermiddag.
Fuglevåg er pressekontakt for politiet i Sunndalsfjella. Det er ikkje mogleg å sende inn bakkemannskap i leitinga.
– Heller ikkje eit helikopter som kan flyge lågt over rasområdet er tilrådeleg, fortalde han.
Det kom tidlegare tysdag varmesøkjande helikopter frå Oslo, men det har returnert til Oslo. Per no ligg det an til at redningsaksjonen held fram onsdag.
- Les også:
– Framleis ein redningsaksjon
Trass i at det har gått skred i søksområdet og at det har gått over eitt døgn, kategoriserer politiet det framleis som ein redningsaksjon.
– Det skal seiast at uansett om det er ein redningsaksjon eller søk etter antatt omkomne, så vil politiet ha tilnærma same ressursar til stades, slo Fuglevåg fast.
Per no vil politiet ikkje seie noko om identiteten til dei fire sakna, unge mennene.
– Eg kan verken stadfeste eller avkrefte kven dei sakna er eller kor dei er frå geografisk, avslutta politiet si pressekontakt i Øksendal.
Fekk inn fleire signal
Sendarar med signaleffekt har blitt funne i eit stort ras i området der politiet trur dei fire mennene kan ha opphalde seg. Raset har gått akkurat i den løypa som dei sakna hadde sett seg ut.
– For få minutt sidan vart det funne signal i eit ras i Frusalhalsen. Signalet vart funnet av redningshelikopteret, sa politioverbetjent Espen Bakk som er innsatsleiar på staden til NRK klokka 14.40.
Signala er same type som kjem frå folk med skredsøkjarar og vert tekne av ras, og det er snakk om fleire signal frå same område.
- Les meir:
For farleg for leitemannskap
Sjølv om ein no har klare indikasjonar på kor signala kjem ifrå, er det førebels ikkje mogleg å sende opp mannskap i rasområdet. Til det er skredfaren altfor stor med ein meter nysnø det siste døgnet.
– Vi har vurdert fortløpande i heile dag å setje inn mannskap, men det er heilt uaktuelt, sa innsatsleiaren. Om forholda er gode kan det bli gjort søk onsdag, la han til.
Luftsøk med varmesøkjande kamera blei altså forsøkt, men vêret er for dårleg.
- Les også:
Fire av seks sakna
Dei fire sakna mennene var del av eit reisefølgje på seks i Sunndalsfjella måndag.
Dei fire kom ikkje til den avtalte møteplassen etter ein topptur til Litlskjorta, og vart meldt sakna av turkameratane.
Ein leiteaksjon vart sett i gang kort tid etter, men dårleg vêr og mykje nysnø har gjort søket svært vanskeleg.
NRK følgjer saka.