Hopp til innhold

Eitt år sidan skredulykka i Sunndalsfjella

I dag er det eitt år sidan fire personar omkom i snøskred i Øksendal. Fjellførar Tor Olav Naalsund kjende to av dei godt. Han ber om at alle som driv med slik skikøyring tenkjer seg om.

Redningsmannskaper fires ned i Sunndalsfjella

Det som starta som ein redningsaksjon, vart ein leiteaksjon. Dei fire vart funne to dagar etter snøskredet gjekk.

Foto: Volda og Ørsta Røde Kors Skredgruppe

Måndag 14. april 2014 dreg eit reisefølgje på seks menn på topptur til Litlskjorta i Sunndalsfjella. Gruppa deler seg i to og avtalar møtetidspunkt klokka 15. Fire av mennene kjem aldri til møtestaden. Dei er tekne av eit stort snøras og dårleg ver gjer leiteforholda vanskelege. To dagar seinare vert Ola Inge Drøpping, Yngve Dahlqvist, Øyvind Slørdahl og Ole Simensen funne omkomne.

Dyktige fjellfolk

Tor Olav Naalsund i Fjellfolk

Tor Olav Naalsund meiner at alle som køyrer ski i bratt terreng, må gjere grundige vurderingar.

Foto: NRK

– Vi skal ikkje inn dit i dag. For ein time sidan hadde det kanskje vore greitt, men no begynnar varmen å ta. Så vi stoppar her, seier Tor Olav Naalsund. Han har med seg eit turfølgje til Kanndalen i Øksendal.

Naalsund frå serien Fjellfolk på NRK er vant med å ha det siste ordet til fjells, og tek det med stor tyngde. Han styrer skiopplæringa til Nortind si tindevegleiarutdanning, godkjenner fjellsider før Aksel Lund Svindal får køyre i dei og har fleire førstenedkøyringar i Jotunheimen enn nokon andre.

Naalsund kjende to av dei omkomne godt. Dei var faste turkameratar av han, noko som i seg sjølv plasserer dei i det øvre sjikt blant dei som ferdast på ski i bratt terreng. Dei var sterke, spreke, kunnskapsrike og dyktige fjellfolk.

Tøft etter ulykka

Her ble de fire omkomne funnet

Her vart dei fire funne omkomne 14. april 2014.

Foto: Volda og Ørsta Røde Kors Skredgruppe

– Det har vore ei tung tid, fortel Naalsund.

Tor Olav vart ringt opp heime i Oppdal fordi han er medlem av den lokale alpine redningsgruppa.

– Det tok eitt og eit halvt døgn før vi kunne begynne å leite skikkeleg. Vi såg raset, men snøen var for utrygg til at vi kunne gå inn med god margin, seier Naalsund.

Må ha gode marginar

Frykta er at det skjer igjen. Stadig fleire ferdast i bratt og komplekst skiterreng. Sjølv om det begynnar å bli vanleg, så er ikkje terrenget mindre utrygt for det, meiner fjellføraren. Han vil at alle som går på ski skal stoppe og gjere vurderingar oftare og grundigare.

– Marginane må vere gode nok til at ein kan gjere feil. Du toler ikkje ein feil dersom det du gjer er på grensa. I den sona kan ein ikkje vere så mange gonger i løpet av eit langt liv, seier Naalsund.