Hopp til innhold

Fangar opp svake signal frå søkeområdet

Svake, usikre signal har blitt plukka opp av søkeutstyr i Sunndalsfjella der fire menn er sakna.

Svake, usikre signal har blitt fanga opp frå området der fire menn er sakna i Sunndalsfjella.

Sjå videointervju med innsatsleiar Espen Bakk på staden. Foto/redigering: Eirik Haukenes og Nils Atle Sundnes.

Leitemannskap i Øksendal

Sivilforsvaret og hundeførar er på plass, men får ikkje gå inn i leiteområdet før skredfaren er kartlagt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi har eit Orion-fly som svevar over området og fangar inn signal. Til no har vi ikkje fått inn sikre signal, men helikopteret sjekkar ut nokre svake signal, seier innsatsleiar Espen Bakk til NRK i 12-tida.

Det er førebels ikkje klart kva for type signal det er snakk om.

Har gått skred i området

– Vi er veldig usikre på kva signala er, og vil få tilbakemeldingar på det etter kvart, legg han til.

Eit skred har blitt observert i området av Frusalhalsen der dei fire mennene var på skitur før dei vart meldt sakna, opplyser innsatsleiaren. Det er i dette området at søket vert konsentrert.

Søk med helikopter

Redningshelikopter og politihelikopter

Redningshelikopter og eit politihelikopter frå Oslo søker etter dei fire sakna mennene tysdag ettermiddag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Store snømengder og dårleg sikt gjorde leiteaksjonen svært vanskeleg måndag kveld og tysdag morgon. I 10-tida letta derimot vêret noko, såpass eit redningshelikopter kunne ta av for å få betre oversikt over området dei fire mennene er sakna i.

– Vêret er litt betre no. Ifølgje vêrmeldingane har vi eit relativt bra vêrvindauge til ut på ettermiddagen, seier pressekontakt Alf Stormo i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK i 10.30-tida.

– Leiteforholda er framleis ikkje gode, men betre enn før og gode nok til at vi kan gjere søk, seier Stormo.

I 13-tida kom også eit politihelikopter frå Oslo for å bidra i leiteaksjonen.

Fly med betre søkekapasitet
Leiteaksjon Sunndalsfjella

Snøfokk og mykje vind gjorde at leiteaksjonen måtte mellombels innstillast måndag morgon.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eit Orion-fly vart sett inn i søket tysdag føremiddag. Flyet er stasjonert på Andøya i Nordland og kom til leiteområdet klokka 11.40. Orion-flyet kan leite frå ei større høgde enn helikopter og med meir avansert søkeutstyr, opplyser Andreas Bull i hovudredningssentralen til NRK.

– Orionflyet kan sirkle i ei større høgde over fjella og dermed vere i lufta når helikopteret må stå på bakken. Like fullt vil også Orion-flyet vil slite dersom vêret og sikta vert dårlegare igjen, seier Bull. Flyet kan vere med i søket i fem timar.

Dårleg føre

Søk frå bakken har vore avgrensa på grunn av dårleg sikt og fordi ein ikkje har hatt oversikt over skredfaren i området. Mannskap frå Romsdal Fjellredningsgruppe er i beredskap på staden. Mannskapet slit med dårleg vêr og føre på grunn av mykje nysnø i området.

– Til no er det ikkje aktuelt å setje inn folk på bakken på grunn av stor rasfare og laussnø, seier innsatsleiar Espen Bakk til NRK i 12-tida.

Reisefølge på seks

– Det var eit reisefølgje på seks unge menn. To gjekk i ei retning, medan fire gjekk i ei annan retning mot ein stad som heiter Brandstad, fortalde operasjonsleiar Kjell Biesmans tidleg måndag kveld til NRK.

Dei fire mennene, som er i byrjinga av 20- og 30-åra, blei meldt sakna klokka 17.00.

– Dei møtte ikkje opp klokka 15.00 på eit avtalt møtepunkt. Klokka fem tok dei to andre mennene kontakt med politiet, seier Biesmans.

Turfølget budde på ei hytte i Oppdal, og skulle bruke måndagen på toppturen til Litlskjorta.

Området der mennene er sakna er ein kjent stad for skikøyring. Dei fire skal vere svært fjellvane og godt utstyrt, men området er ikkje det beste når vêret er dårleg. Fjellområdet er bratt og ulendt.

Det er svært dårleg mobildekning i området.

I beredskap

Sunndal kommune er førebels ikkje involvert i søket, men vil bidra så snart dei får beskjed om det.

– Vi har ein person frå omsorgsgruppa i kommunen på staden saman med leitemannskapet, seier ordførar Ståle Refstie til NRK.

Ifølgje NTB skal ein person kome frå Sunndal, medan dei tre andre kjem frå andre stader i landet. Etter det NRK erfarer skal minst éin kome frå Trøndelag.

Leiteaksjon i Sunndalsfjella

Saka blir oppdatert.