Klokka fem tysdag morgon starta leiteaksjonen opp att etter dei fire mennene som er i slutten av 20-åra og byrjinga av 30-åra. Men mykje snø på bakken og i lufta gjer at leiteaksjonen må innstillast inntil vidare, seier innsatsleiar Espen Bakk til NRK på staden.
Innsatsleiar på staden er Espen Bakk ved Sunndal lensmannskontor. Han seier det ikkje er forsvarleg å setje inn meir mannskap før vêret betrar seg.
Foto: Eirik Haukenes / NRKFolk frå Romsdal Fjellredningsgruppe har vore oppe ved skoggrensa for å få oversikt over området. Forholda er så vanskelege at politiet ikkje vil sende folk vidare inn i området før eit helikopter har vurdert skredfaren. Men tjukk snøkave gjer at helikopteret ikkje kan ta av.
– Vi har hatt fem menn oppe i terrenget, tre er att no. Redningshelikopter har gjort søk i om lag ein time, men forholda tillèt ikkje helikoptersøk no. Vi må vente på vêret, seier innsatsleiar Espen Bakk til NRK i 9-tida.
Eit politihelikopter frå Oslo vil også delta i søket når vêret betrar seg, opplyser innsatsleiaren.
Håper vêret blir betre
Klokka 10 tysdag vart redningshelikopteret sett inn i søk igjen etter ein periode med tjukk snøkave.
Foto: Eirik Haukenes / NRKOgså måndag kveld måtte søket avsluttast på grunn av dårleg sikt og mørke. Håpet er no at vêret vil bli betre utover dagen.
– Eg snakka med vêrvarslinga på Vestlandet, og det er sagt at det framleis er bygevêr og nordvestleg vind, men at vinden skal minke og dreie mot vest og sørvest, og gje lettare vêr utover føremiddagen. Vi håper det slår til fortast mogleg, seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen til NRK måndag morgon klokka 05.30.
Store snømengder
Fjellområdet er bratt og ulendt, ifølgje politiet.
– Det er vanskelege forhold å leite i, vêret er svært ustabilt og det er dårleg sikt. I tillegg er terrenget vanskeleg, så dette er eit vanskeleg oppdrag, sa operasjonsleiar Kjell Biesmans til NRK måndag klokka 21.00.
Området der fire menn er sakna er ein kjent stad for skikøyring. Dei fire sakna skal vere svært fjellvane og godt utstyrt, men området er ikkje det beste når vêret er dårleg.
– Det har vore mykje nysnø måndag og terrenget er bratt. Så der er ein viss rasfare, fortalde Biesmans.
Politiet ville halde på så lenge det var mogleg og formålstenleg, men like før klokka 22.00 måtte dei avslutte søket.
Artikkelen held fram etter videoen.
Sjå video frå leiteaksjonen frå måndag kveld.
Reisefølgje på seks
– Det var eit reisefølgje på seks unge menn. To gjekk i ei retning, medan fire gjekk i ei annan retning mot ein stad som heiter Brandstad, opna operasjonsleiar Biesmans tidleg måndag kveld til NRK.
Dei fire unge mennene blei meldt sakna klokka 17.00.
– Dei møtte ikkje opp klokka 15.00 på eit avtalt møtepunkt. Klokka fem tok dei to andre mennene kontakt med politiet, seier Biesmans.
Bratt terreng, uroa over vêret
Operasjonsleiaren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt slår fast at dette er fjellvane menn. Turfølget budde på ei hytte i Oppdal, og skulle bruke måndagen på toppturen til Litlskjorta, skriv adressa.no.
Litlskjorta er eit populært turmål for fjellvande, og Biesmans i politiet seier at dei sakna har bakgrunn frå Forsvaret.
– Vi pratar om folk som er vane i terrenget. Men det er veldig bratt og ulendt terreng, fortel Biesmans til NRK.
– Det som uroar oss er vêret. Det er svært dårleg i området, nedbør, kaldt, vind og dårleg sikt. Vi slit med å kome oss opp i fjellet, men alpin redningsgruppe er på veg opp og vil ta seg inn i området.
Området er i Øksendal i Sunndalsfjella, nær Frusalhalsen.
Operasjonsleiaren seier også at det er fare for skred etter at det har kome nysnø i området.
– Vanskeleg flygeforhold
Politiet fortel vidare at dei unge mennene skal vere godt utstyrte for tøffe fjellforhold.
– Dei skal vere i stand til å ta vare på seg sjølve – dersom det ikkje har skjedd noko uventa, seier Biesmans.
Det er også dårleg mobildekning i området.
Veit du noko meir om saka? Tips oss her. NRK følgjer saka.