Hopp til innhold

170 tilsette borte

Rolls-Royce Marine AS, som er plassert på Sunnmøre, har redusert talet på tilsette frå 1800 til 1630 sidan årsskiftet. Leiinga har ingen planar om nye rundar med nedbemanning, men alt kjem an på om verksemda greier å vinne kontraktar i ein tøff marknad.

Aksel Ulstein på sin gamle arbeidsplass

Aksel Ulstein (64) tilbake i produksjonshallen til Rolls-Royce Marine AS i Ulsteinvik der han har arbeidd i mange år. Til saman har han 42 år på Ulstein verft og Rolls.

Foto: Arne Flatin / NRK

Omstillingsdirektør Jan Petter Hagen seier til NRK at prosessen med nedbemanningar har vore krevjande. Mange har teke sluttpakke det siste halvåret.

Jan Petter Hagen, Rolls-Royce Marine

Jan Petter Hagen er omstillingsdirektør i Rolls-Royce Marine AS. Han føler at det har vore ein krevjande, men ryddig prosess og gir ros særleg til dei tillitsvalde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Nedbemanningar er alltid krevjande både for tilsette, tillitsvalde og for leiinga. I lys av dette så synest eg at prosessen har vore god, og eg vil rose særleg tillitsvalde for eit veldig konstruktivt bidrag i ein krevjande prosess.

Ein av dei som tok sluttpakke i mars er 64 år gamle Aksel Ulstein frå Ulsteinvik. Han har arbeidd i 42 år i den maritime industrien, først ved Ulstein verft, seinare ved Rolls-Royce Marine.

– Eg kjenner meg privilegert. Det må eg seie. Når eg fekk tenkt meg om litt og sånn så var det ikkje nokon tvil i det at eg skulle søke om sluttpakke.

Jakt og fiske

Aksel har hytte på fjellet, ikkje så langt frå der han bur ute på Ulstein. Han likar å fiske og gå på jakt. I mange har han delteke på reinsjakt. I tillegg har han fleire bygningar på heimegarden som han skal ta seg av. På låven ligg det store stablar med ved og traktoren tek han i bruk så ofte som han har behov for det.

Aksel Ulstein

Aksel Ulstein har gode dagar som pensjonist. For han har sluttpakken vore perfekt. Som 64-åring kan han dyrke familie og hobbyar på ein heilt annan måte enn før. For andre som har gått frå bedrifta har det nok vore ein del tunge stunder, seier han

Foto: Arne Flatin / NRK

Sjølv om Aksel Ulstein synest sluttpakke var ideelt for han, som 64-åring var det sjølvsagt ikkje like enkelt for alle. Ansiennitet og kvalifikasjonar er viktige moment i alle nedbemanningsprosessar.

– Det er vel dei som har hatt tunge stunder på dette her då, det er klart og det har vore ein del permitteringar så det har vore tungt for enkelte. Det er klart, men i det store og det heile så har det vore ein ryddig prosess og godt takla frå leiinga si side.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL