Hopp til innhold

Håper gamle vindkraftkonsesjonar blir gjennomgått på nytt

Alle søknadene om utbygging av vindkraft i Noreg blir lagt på vent. På Haramsfjellet skulle utbygginga ta til i oktober. No vonar motstandarane at også slike gamle konsesjonar blir gjennomgått på nytt.

Visualisering av vindkraft på Haramsfjellet

Det er stor konflikt om åtte planlagde vindturbinar på Haramsfjellet. Konsesjonen for utbygging vart gitt for 10 år sidan.

Foto: Haram kraft

Torsdag skrota regjeringa den nasjonale planen for kvar det er best eigna å bygge ut vindkraft. Samstundes har dei sagt at det skal gjerast endringar i konsesjonssystemet for å førebyggje konfliktar. Haramsøya på Sunnmøre er eitt av øysamfunna langs norskekysten der motstandarane mot vindkraft som ser eit nytt håp.

Vindkraft i «Debatten»

Skrotinga av den nasjonale planen for vindkraft har skapt forventningar hjå nokre motstandarar. Andre er redde for at heile saka har rykka tilbake til start og at det kan bli fritt fram for utbyggarane å forhandle med grunneigarane. Ordføraren i Fjaler fryktar at det no kjem eit frislepp av vindkraftutbyggingar. Tilhengarar av vindkraft, som Unge Høgre, meiner utbygginga av vindkraft ikkje kan vente.

I debatten barka tilhengarar og motstandarar av vindkraft saman.

Kven taper og kven vinn på at vindkraftplanen blir skrota?

Tema for Debatten på NRK1
Direktesendt debattprogram med programleder Fredrik Solvang

Direktesendt debattprogram med programleiar Fredrik Solvang. Torsdag var temaet vindkraft.

Vindturbinar på fjellet

På Haramsøya i Møre og Romsdal er stemninga alt anna enn fredfull. På fjellet skal det byggast åtte vindturbinar på 150 meter. Motstandarane er rasande over naturinngrepet og har varsla sivil ulydnad. Dei fryktar blant anna kva vindturbinane vil gjere med fuglelivet. Delar av området ligg i eit naturreservat.

Motstandarane av utbygginga har fått eit lite håp om å bli høyrde.

– Vi håper at vi skal nå fram med innspela våre. Anlegget blir bygt på ein altfor liten plass og det er samfunnsunyttig, seier aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad. I dag er ho ein av deltakarane i «Debatten».

Gjekk i strupen på vindkraftutbyggarane

Birgit Oline Kjerstad vart så sint i eit møte med vindkraftutbyggar Zephyr at ho fysisk tok tak i dagleg leiar Olav Rommetveit.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Nasjonal ramme for vindkraft

Det var i april at NVE la fram forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land. Her peikte NVE ut 13 område som skulle vere dei best eigna til utbygging av vindkraft. Men forslaget møtte kraftig motstand over heile landet.

– Planen skulle vere eit konfliktdempande tiltak. Det har han ikkje vore med dei svara vi ser. Difor legg vi vekk den nasjonale rammen og vi seier at vi ikkje skal ha noko nasjonal ramme for vindkraft framover, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

nve_nasjonal_ramme_vindkraft_0419

Gamle utgreiingar

Det er 10 år sidan det vart gitt konsesjon til å bygge vindkraftanlegget på Haramsfjellet. No nærmar prosjektet seg realisering. Utbyggaren Zephyr varsla byggestart 1. oktober, men vart stoppa av NVE fordi det kom inn klager.

Når regjeringa no vil gå gjennom systemet for korleis konsesjonane blir gitt, vonar Kjerstad at NVE også gjer ei ny vurdering av Haramsfjellet.

– Eg vil jo tru at dei går gjennom gamle saker for å sjå kva som skaper konfliktane og kva som er dårleg i prosessane, seier Kjerstad.