Ordførar: – No er det fritt fram for utbyggarane

Regjeringa skrotar NVE sine kart for bygging av vindkraft. Det kan bety at det er fritt fram for utbygging av vindmøller, seier Fjaler-ordførar.

Kjetil Felde, Fjaler Senterparti

UROA: Kjetil Felde (Sp) er blant dei som ikkje ser positivt på regjeringa si skroting av NVE sin nasjonale rammeplan for vindkraft.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fjaler er blant dei kommunane som NVE peika ut som godt eigna til vindkraft. Dei la fram sin nasjonale rammeplan i vår. No skrotar regjeringa planen.

– Utan den nasjonale ramma så vil det i større grad vere fritt fram for utbyggarar å kontakte grunneigarar og kommunar der det måtte passe dei, seier Kjetil Felde, ordførar i Fjaler.

– Du fryktar då eit frislepp?

– Det kan skje.

Ifølge statsminister Erna Solberg (H) skapte NVE-planen for mykje konflikt. Kritikken frå kommunane har også vore stor.

– Det skulle vere eit konfliktdempande tiltak, det har det ikkje vore med dei svara vi ser. Vi skal ikkje ha noko nasjonal ramme for vindkraft framover, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

– Fordel for oss

– Det er ikkje meg imot, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal.

Gulen kommune var også på kartet til NVE. Oppedal meiner regjeringa si skroting av planen vil lette presset på dei.

– No får vi ei konsesjonsbehandling som tidlegare, utan presset på desse 13 områda. For oss er det ein stor fordel at han blir skrota, seier han.

I Høyanger kommune har den folkelege motstanden mot planane vore sterke. Petter Sortland er ordførar, og han tek også imot meldinga med glede i dag.

– Eg trur regjeringa har teke til seg det massive engasjementet som kom over heile landet.

Han trur det blir lettare for kommunen å regulere eventuell vindkraftutbygging etter dette.

– Kommunane kjem i førarsetet som planmyndigheit. No blir det nok mykje meir opp til kommunane sjølve å avgjere om dei vil ha denne typen aktivitet, seier han og held fram:

– Eg trur det no kan bli enklare å stogge dette.

Sortland får støtte av kommunestyrerepresentant i Høyanger, Einar Rysjedal (Raudt). Han tek imot beskjeden til regjeringa med glede, men meiner motstanden mot vindkraft må halde fram.

Vi håpar sjølvsagt at dei endringane i konsesjonssystemet som no blir snakka om, skal gje kommunane det avgjerande ordet i utbyggingssaker, seier Rysjedal.

Også utbyggarar har tidlegare uttalt seg negativt om NVE-planen. Fred Olsen Renewables ser på moglegheitene for vindkraftutbygging i Gaular kommune.

– Statsråden sin uttale i dag samsvarer i stor grad med vårt innspel til nasjonal ramme for vindkraft, seier prosjektutviklar Kjetil Bjørndalen Traaen.

«Kraftig våpen»

Thor Egil Braadland i SV seier at regjeringa sitt nei til vindkraftplanen er eit «nei til eit av dei kraftigaste våpena vi har i kampen mot klimaendringar».

– Det er synd at det no blir uklarheit om rammevilkåra for ein av dei viktigaste bidragsytarane til det grøne skiftet, seier han.

Han etterlyser eit konsesjonssystem der kommunane sine eventuelle inntekter frå vindkraft er «tydelege og rause».